Sævarhagen FUS barnehage søkjer barnehagelærar i vikariat, deltid
Sævarhagen FUS barnehage as
5416 Stord
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
I FUS satsar me på høg og likeverdig kvalitet i relasjonen mellom tilsette og barn. Gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling sikrar me at personalet utviklar seg saman med eigne kollegaer i tett samarbeid med universitets- og høgskulesektoren. FUS har fokus på høgt nærvær som bidreg til at barna får ein trygg og god start. Fordi i FUS kjem barna først! Me har difor forventningar til våre tilsette. Kjenner du deg igjen?
Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og vegleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen, og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande situasjonar i eit heilskapleg perspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du FUS!
Arbeids - og ansvarsoppgåver vil mellom anna vere:- Pedagogisk ansvar på base i samarbeid med pedagogisk leiar
- Ansvar for å gjennomføra og synleggjera pedagogisk utvikling på din base
- Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn
- Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av Noreg sine største private barnehagenettverk
- Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling innanfor satsingsområdet vårt "Barnet først!"
- Mogelegheit til å vere med å utvikla barnehagen
- Opplæring gjennom FUS skulen
- FUS tariffavtale
- Eigne FUS klede
- Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert
- Har eit stort engasjement for barnehagefaget og menneska du leier
- Har ei grunnleggjende tru og fokus på utvikling av sterke relasjoner til kollegaer, føresette og samarbeidspartnarar
- Er utdanna barnehagelærar
- Evner å jobba systematisk og strukturert
- Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
- Likar å vere ute, leika og vere på tur med barn
- Har kompetanse om prosjektarbeid og pedagogisk dokumentasjon
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlig eignetheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfold - me oppfordrar difor også menn til å søkja på denne stillinga.Tilsettjing forutset godkjent politiattest i samsvar med barnehagelova som må leverast før eventuell oppstart i stillinga.
Om bedriften
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2505291
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8e0afe807274c578f79bc6e0cb4491c