Hopp til innhold

Prosjektøkonom

Arbeidsgiver

Seksjon for forskning og utdanning, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektøkonom
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Seksjon for forsking og utdanning (SFU) ved Helse Møre og Romsdal HF har hatt ei sterk og positiv utvikling i forskingsaktiviteten dei siste åra.

Vi søkjer no ein engasjert prosjektøkonom som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre forsvarleg forvaltning av forskingsmidlar og leggje til rette for vidare vekst. Stillinga er ny og gir deg høve til å byggje opp system og rutinar frå grunnen av, i tett samarbeid med forskarar, prosjektleiarar og leiing.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for plan, budsjett og oppfølgingsprosess for forskarar og stipendiatar i HMR
  • Intern fordeling av inntekter og kostnader knytte til kliniske studiar (oppdrag og bidrag)
  • Løpande rekneskapsoppfølging av forskingsprosjekt
  • Oppfølging av intern- og eksternt finansierte forskarstillingar og bidragsforsking
  • Vidarefakturering til samarbeidspartnarar og eksterne finansieringskjelder
  • Saksbehandling og rapportering til leiing
  • Økonomisk rådgiving og avgjerdsstøtte for vitskapleg personell
  • Utvikling av standardiserte rutinar og system for prosjektøkonomiforvaltning

Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomifagleg utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelorgrad; helst mastergrad. Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • Erfaring med rekneskap, budsjettering, analyse, controllerfunksjonar eller tilsvarande
  • God kunnskap om IT- og økonomisystem, inkludert Excel
  • Ønskte kvalifikasjonar: Erfaring med SAP og Power BI

Personlege eigenskapar

  • Du har god evne til å arbeide systematisk, analytisk og heilskapleg
  • Du er sjølvstendig, initiativrik og fleksibel
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har stor gjennomføringsevne
  • Du er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling med direkte bidrag til klinisk forsking og pasientbehandling
  • Moglegheit til å byggje opp nye system og rutinar i ein organisasjon i vekst
  • Tett samarbeid med forskarar, prosjektleiarar og leiing
  • Konkurransedyktige vilkår etter HMR sitt lønsregulativ
  • Gode arbeidsforhold og eit godt arbeidsmiljø
  • Finansiering gjennom øyremerkte forskingsmidlar – trygg og føreseieleg ramme i 2 år, med moglegheit for forlenging
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Endre Grøvik, Forsknings- og utdanningssjef, endre.grovik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5112156618
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Endre Grøvik

Forsknings- og utdanningssjef

endre.grovik@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9e631867-7235-47bc-9350-df44073d51fd

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

604110f908b24e44bdc17ad842f67a81

Lignende annonser

Laster lignende annonser