Fagleiar SFO ved Aurland barne- og ungdomsskule
Aurland kommune
Skulevegen 5, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar SFO ved Aurland barne- og ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Me har ledig 100% stilling som fagleiar SFO ved Aurland barne- og ungdomsskule (Abu) frå 01.08.25. Deler av stillinga vil bli knytt til arbeid i skule. Fordelingsnøkkel vil vere ut frå antal tilmelde born på SFO.
SFO - leiar har fagansvar, og er ein del av skulen si leiargruppe saman med rektor, inspektør, kulturskulerektor og lagleiarar for barnetrinnet og ungdomstrinnet. Rektor er SFO-leiaren sin næraste overordna.
Me ser etter deg som er systematisk og engasjert, og som evnar å skape gode relasjonar til born, føresette og tilsette.
Skulefritidsordninga er lokalisert i fine lokale med godt tilrettelagte leikerom og kjøken. Aurlandshallen og symjehallen vert også nytta av SFO. Me er mykje ute og har store og gode uteareal som legg til rette for varierte uteaktivitetar.
Abu ligg sentralt i kommunesenteret, og har omlag 150 elevar frå 1. til 10. klassetrinn, med omlag 60 born i skulefritidsordninga.
SFO ved ABU jobbar etter intensjonane i rammeplanen. Me skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og borna sine interesse.
Grunnmuren vår er:
- Tryggleik, tillit og omsorg
- Leik og sosial kompetanse
- Smil, latter og glede
= Trivsel med blikk for den enkelte
Arbeids- og ansvarsområde
- Ansvar for overordna mål, strategiar og årsplanar for skolefritidsordninga i samarbeid med rektor og øvrige tilsette
- Planleggje og drifte det daglege arbeidet ved skulefritidsordninga
- Ha ansvar for fakturering, inn- og utmeldingar og andre førefallande oppgåver delegert frå rektor
- Ha ansvar for at leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i barna sin alder, funksjonsnivå og interesser er i samsvar med rammeplanen og vedtektene til SFO i Aurland kommune
- Ansvar for at alle born ved SFO vert godt ivaretekne gjennom trygge rammer og eit fagleg engasjement hjå tilsette
- Gjennomføre brukarundersøkingar og foreldremøte
- Vere ein aktiv bidragsytar inn i skulen si leiargruppe
- Hovudansvar for informasjon og samarbeid med føresette og eventuelt andre impliserte partar
- Stillinga fylgjer ordinært arbeidsår
Kvalifikasjonar
- Ynskje om relevant pedagogisk utdanning / erfaring knytt til arbeid med barn i den aktuelle aldersgruppa
- Ynskje om god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- Evnar å skape gode relasjonar med born, føresette og kollegaer
- Er positiv, robust og godt humør
- Er ein tydeleg vaksenperson og god rollemodell
- Er sjølvstendig og ryddig
- Er god å samarbeide og motivere personale
- Er fleksibel og har evne til å ta gode avgjersler i ein hektisk kvardag
- Er påliteleg og lojal og kan handtere raske endringar og naudsynte omstillingar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Våre verdiar i Aurland kommune er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
- Godt barnehagetilbod
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbILøns- og tilsetjingsvilkår
- Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- Politiattest etter opplæringslova
Krav til språk
Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat og drikke, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9e43d2dd-c0d5-434e-8278-c2ee38909417
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10252435