Hopp til innhold

Trainee hos Tersan Havyard: Prosjektgjennomføring

Arbeidsgiver

Framtidsfylket AS

Sted

Bøfjordvegen 260, 6953 Leirvik i Sogn

Om jobben

Type ansettelse
Trainee, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vi er opptatt av at folka rundt oss skal ha det bra og at det skal vere kjekt å kome på jobb. Årlege sosiale samlingar er difor svært viktig og noko som står høgt hos dei tilsette her.

Dette vil du jobbe med

I traineeprogrammet vil du få arbeide med store og komplekse prosjekt innanfor skipsbygging. Gjennom programmet vil du bli kjent med dei forskjellige fagområda i prosjekta og delta i prosjektet sine ulike fasar. Du vil opparbeida deg unik kompetanse innan maritime prosjekter og få moglegheit til å jobbe med «state of the art» skipsteknologi!

For å lukkast i Havyard vil du trenge engasjement, ein iver etter å alltid lære meir og vere målbevisst. Målet er å førebu deg for ei framtidig rolle innan prosjektleiing i Havyard og maritim næring.

Prosjekta vert gjennomført i Tyrkia og Norge og du må rekne med litt reiseverksemd.

Høyrest dette ut som noko for deg, har du her ein sjeldan moglegheit til å arbeide i eit selskap med fleire spennande prosjekt på gang og store framtidsplanar. Dette blir kjekt!

Dette får du hos Havyard

Vi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:

  • ein arbeidskvardag med korte avstandar mellom beslutning og handling
  • ein uformell kultur der folk helsar på kvarandre i gangen og tek seg tid til ein prat
  • moglegheit til å følgje båt frå bygging til levering
  • tett samarbeid med dyktige fagarbeidarar, ingeniørar og leiing

I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.

Kven trur vi at du er?

Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:

  • Har utdanning på fagskule-, bachelor- eller masternivå innan t.d. ingeniørfag, maritim eller liknande
  • Strukturert, målretta og med høg gjennomføringsevne
  • Kommuniserer godt på norsk og engelsk munnleg, og gjerne skriftleg

Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.


Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.

Om bedriften

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9df632da-ea3a-4796-b71b-81559ebe0d13

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

karriere.no

Referanse

9964130b-ed28-499e-91a3-fa2b6bf24c49

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Tersan Havyard

Sted

Leirvik i Sogn