Hopp til innhold

Kontrollingeniør vatn og avløp -- mellombels 100 % stilling

Arbeidsgiver

ØyVAR AS

Sted

Lonavegen 20, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Kontrollingeniør
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 15. august

Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS. ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren. ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast, og vi ønskjer å styrkje utbyggingsavdelinga med ein driftig medarbeidar.

Vi søkjer ein engasjert og påliteleg medarbeidar til ei mellombels stilling som kontrollingeniør.

Stillinga er 100 % fram til juni 2028 og rapporterer til fagsjef utbygging.

Som kontrollingeniør vil du bidra til å sikre at kvaliteten på nye vass- og avløpsleidningar blir ivareteken på ein forsvarleg måte og i samsvar med gjevne vedtak.

Arbeidet omfattar stadleg kontroll, dokumentasjon og FDV-arbeid i samband med etablering av nye leidningar.

Det kan òg vere aktuelt å delta i arbeidet med lekkasjereduksjon på eksisterande leidningsnett i periodar.

Det må påreknast noko arbeid på kveld, natt og i helgar.

Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide i eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø.

Den vi søkjer, tek initiativ og trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team.

Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. ØyVAR vil gjennomføre ein utvida bakgrunnssjekk med heimel i digitaltryggleikslova.

Arbeidsoppgåver
  • Kontroll og oppfølging av VA-arbeid, avvikshandtering og sluttbefaringar
  • Dokumentasjon og generell sakshandsaming
  • Arbeid med lekkasjesøking
Kvalifikasjonar
  • Minimum bachelorgrad i byggingeniørfag med studieretning innan prosjekt- og byggeleiing, teknisk samfunnsplanlegging eller tilsvarande.
  • Fag innan vatn og avløp er ein fordel.
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
  • Det er ønskjeleg med erfaring som kontrollingeniør innan VA-infrastruktur og erfaring med lekkasjesøking
Personlege eigenskapar
  • Tek initiativ, er lærevillig og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Samhandlar godt med kollegaer, leiarar og andre fagmiljø
Vi tilbyr
  • Løn etter avtale, avhengig av kvalifikasjonar og tidlegare praksis
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
  • Dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer

ØyVAR ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at medarbeidarane våre i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Vi oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn eller bakgrunn.

Søknadsfrist: 15. august

Om bedriften

Øygarden kommune har skilt ut alle tenester knytte til vatn, avløp og renovasjon i eit eige aksjeselskap, ØyVAR AS.

ØyVAR betener nær 40 000 innbyggjarar og står stadig overfor spennande utfordringar innan VAR-sektoren.

ØyVAR har fleire nye utbyggingsprosjekt som skal gjennomførast.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9db2361b-251f-436a-bb20-a311615296cb

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

471479433

Lignende annonser

Laster lignende annonser