Er du vår nye kommunikasjonsrådgivar?
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
3115 Tønsberg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer ein kunnskapsrik, engasjert og kreativ kommunikasjonsrådgivar som brenn for engasjerande innhald på sosiale medium og har mykje erfaring med innhaldsproduksjon. Er du klar for å ta ansvar for våre sosiale medium? Då kan dette vere jobben for deg!
Du skal:
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har erfaring med:
Vilkår
Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 630 000 til 745 000.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om avdelinga og stillinga
Du vil vere ein del av DSBs kommunikasjonsavdeling, som i dag har 10 fast tilsette i eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø på vårt hovudkontor i Tønsberg. Vi bruker kommunikasjon som verktøy for å styrkje arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. Vi gir leiinga og organisasjonen kommunikasjonsfagleg rådgiving og hjelp. Vi ivaretek redaktørfunksjonen på dsb.no, sivilforsvaret.no, intranett og sosiale medium. I tillegg gjennomfører vi informasjonskampanjar, har fagansvaret for eigenberedskap, har ei døgnbemanna pressevakt og jobbar med kurs, øvingar og hendingar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Avdelingsdirektør kommunikasjon Øistein Mjærum: |e-post oistein.mjaerum@dsb.no |telefon 33 41 25 90.
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Du skal:
- planleggje, produsere og publisere engasjerande innhald om samfunnstryggleik og beredskap i form av tekst, bilete og video på DSBs ulike kanalar
- analysere, måle og bruke innsikt for å forbetre kanalane
- vere rådgivar innan sosiale medium og bidra til kunnskapsdeling internt
- bidra aktivt i studioproduksjonar og filmproduksjon
- ha ansvar for strategi og evaluering av resultatoppnåing for våre kanalar i sosiale medium. Analysere data og bruke innsikta til å forbetre kommunikasjonen vår
- bidra til innhaldsproduksjon, utvikling og vedlikehald av våre nettsider
- jobbe tett med resten av kommunikasjonsavdelinga for å sikre heilskapleg og effektiv kommunikasjon
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- svært relevant utdanning innan innhaldsproduksjon, minimum bachelor
- erfaring med å skape engasjerande innhald på digitale flater og sosiale medium. Du har svært god forståing for SoMe-format og trendar i SoMe
- minst to års erfaring frå å jobbe med innhaldsproduksjon, helst i offentleg verksemd
- kunnskap om, og erfaring frå arbeid med, samfunnstryggleik og beredskap
- god forståing for kanalar og målgrupper
- god kjennskap til publiserings- og redigeringsverktøy for sosiale medium
- god kjennskap til og erfaring med CMS-verktøy
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk
- følgande personlege eigenskapar
- analytisk og datadriven og har erfaring med å jobbe målretta med analyseverktøy som Plausible, Google Analytics og Posthog
- kreativ og god på samarbeid og å jobbe i team og samarbeide med sterke fagmiljø
Vi ønskjer at du har erfaring med:
- fleirkameraproduksjonar og har god teknisk kjennskap til teknologien bak
- å bruke Optimizely CMS og VEV
- digitalt etterarbeid, herunder klipp i Adobe Premiere og DaVinci Resolve Studio
- publiserings- og redigeringsverktøya Retriever Relation Desk og Adobe RUSH
Vilkår
Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 630 000 til 745 000.
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om avdelinga og stillinga
Du vil vere ein del av DSBs kommunikasjonsavdeling, som i dag har 10 fast tilsette i eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø på vårt hovudkontor i Tønsberg. Vi bruker kommunikasjon som verktøy for å styrkje arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Noreg. Vi gir leiinga og organisasjonen kommunikasjonsfagleg rådgiving og hjelp. Vi ivaretek redaktørfunksjonen på dsb.no, sivilforsvaret.no, intranett og sosiale medium. I tillegg gjennomfører vi informasjonskampanjar, har fagansvaret for eigenberedskap, har ei døgnbemanna pressevakt og jobbar med kurs, øvingar og hendingar.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Avdelingsdirektør kommunikasjon Øistein Mjærum: |e-post oistein.mjaerum@dsb.no |telefon 33 41 25 90.
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på jobb.dsb.no/search
Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig