Psykologspesialist/ psykolog
Korttids døgn rusbehandling TSB Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Vestmoa 27, 6018 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/ psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
Vi søker etter psykologspesialist/psykolog til Avdeling TSB. Stillingen er for tiden i poliklinikk.
Som psykologspesialist/psykolog i vår seksjon får du moglegheit til fagleg vekst og å vere med å på å utvikle eit spanande fagfelt vidare!
Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg samansett og inkluderar rus-spesialistar/psykiaterar, legar, psykologspesialistar/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning.
TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling) er eit ungt fagfelt i utvikling. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt i TSB med å utvikle kompetansen i behandling av psykiske lidingar. Kanskje er dette noko for deg?
Som psykologspesialist/psykolog vil du bidra med psykologfagleg kunnskap og diagnosekompetanse inn i tverrfagleg samarbeid, du vil gi utgreiing og terapi - oppfølging til pasientar som treng det. Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg koordinator som koordinerar pasientforløpet og har ansvar for pasientforløp TSB. Som psykologspesialist/psykolog vil du i staden verte nytta til psykologfaglege oppgåver, både i det tverrfaglege samarbeidet, i samarbeid med øvrig hjelpeapparat og i direkte oppfølging av pasientar.
Den psykologfaglege kompetansen vert høgt verdsett og er viktig i det direkte pasientarbeidet, men sjåast også på som ein sentral kompetanse i den faglege utviklinga.
Avdeling for TSB er opptatt av kunnskapsbasert behandling og per i dag tilbyr vi ulike former for traumebehandling i alle behandlingsseksjonane hjå oss. Vi fokuserer også på å etablere kunnskapsbasert behandling for personlighetsforstyrrelse.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
- Individuelt behandlingsansvar
- Vere ein del av eit tverrfagleg team
- Rettleiing og bistand til tverrfagleg team basert på psykologfagleg kunnskap
- Samarbeid med ulike faggrupper
- Eksternt samarbeid og undervisning
- Samtalar med pårørande
- Bidra inn i fagutvikling/kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist eller psykolog med norsk autorisasjon, eller lisens som fører til autorisasjon
- Ønskjeleg med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
- Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid vert vektlagt
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Ønskjeleg med klinisk erfaring
- Å vere personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Du har evne til å handtere hektiske dagar og komplekse saker
- Du likar å bidra til kompetanseutvikling
- Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Spanande og krevjande arbeidsoppgåver i eit godt og kompetent fagmiljø
- Rettleiing
- Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
- Aktivt arbeid for å iverta eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til fagleg utvikling og kurs
- Moglegheit til avtale om vekentleg lesetid
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Rekrutteringstillegg
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, +47 70 17 13 84, Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.no
Arbeidssted
Vestmoa 27
6018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5040270183
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d8d2e05-9473-49ab-8dec-75d0aab75965
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d8d6be7f57b448aa8079ae7e8b94f078
Lignende annonser
Sykepleier/Vernepleier
Arbeidsgiver
Akutt psykisk helse SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Sykepleiar/vernepleiar
Arbeidsgiver
Psykose sengepost SunnmøreHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund