Sommarjobbar - kommunalteknikk / Park og grønt
Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobbar - kommunalteknikk / Park og grønt
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Vil du ha ein aktiv og meiningsfull sommarjobb ute i friluft?
Vi søkjer ferievikarar, derav ein stasjonert i Geiranger, som vil vere med å halde kommunen vår grøn, trygg og triveleg gjennom sommarmånadane. Vi har bruk for ferievikarar fom veke 23 tom veke 35.
Det må gå fram av søknaden kva periode (periodar) du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe mest samanhengande over ein lang periode vil under ellers like vilkår bli prioriterte.
Om jobben
Som sommarvikar hos oss får du varierte oppgåver innan kommunalteknisk drift og park-/grøntarbeid. Arbeidet skjer ute og passar for deg som trivst med praktiske oppgåver og fysisk arbeid.
Arbeidsoppgåver
Typiske arbeidsoppgåver:
- Vedlikehald av grøntareal – plenklipping, kantklipping, rydding og stell av planter
- Enkelt vedlikehaldsarbeid på kommunale uteområde og anlegg
- Rydding, kosting og bossplukking
- Tilsyn av parkar og leikeplassar
- Andre praktiske oppgåver innan kommunalteknikk
Kvalifikasjonar
- Må ha førarkort klasse B og helst B96 (for større hengar)Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter?- Sjølvstendig, påliteleg og arbeidsvillig
- Likar fysisk arbeid og å jobbe ute
- Positiv innstilling og bidreg til godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variert og lærerik sommarjobb ute i friluft- God opplæring og hyggelege kollegaer
- Lønn etter gjeldande tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Ove Inge Skylstad, Einingsleiar, +47 46411032Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5100680556
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Ove Inge Skylstad
Einingsleiar
+47 46411032
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d66a120-54db-4a72-92b3-8cb96382b095
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
69bff002cec44f59a74af3821821b4ae