Hopp til innhold

Senior rådgjevar - Progresso AS

Arbeidsgiver

Visere

Sted

Strandgata 15, 6905 Florø

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Progresso AS søkjer ein erfaren og forretningsorientert senior rådgjevar som ønskjer ei sentral rolle i vidareutviklinga av kundane og verksemda vår. Hos oss får du bruke fagkompetansen din i skjeringspunktet mellom rekneskap, rådgjeving og forretningsforståing - i eit solid fagmiljø med stor tillit, høg kvalitet og lokal forankring.

Vi er i dag 11 engasjerte kollegaer som held til i moderne lokale på Horne Brygge i Florø. I same bygg finn du søsterselskapet vårt, ECIT Services – saman utgjer vi eit fagmiljø med 26 medarbeidarar i Florø og Førde. Trivsel, samhald og fagleg utvikling er viktige verdiar hos oss, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der du både kan prestere og trivast. Progresso har høg kundetilfredsheit og eit sterkt omdøme i regionen, noko som speglar kvaliteten i leveransane våre.

Auka pågang frå nye kundar og behovet for å styrkje rådgivingskapasiteten vår gjer at vi no søkjer ein senior rådgivar til ei sentral rolle i selskapet. Dette er ei stilling for deg som ønskjer å vere ein strategisk og fagleg sparringspartnar for kundane våre, og som trivst med ansvar, komplekse problemstillingar og stor variasjon i arbeidskvardagen.

Vi ser etter ein person som kan ta ei sentral rolle innan område som årsoppgjer, rapportering, økonomisk rådgjeving og kundedialog, og som ønskjer å bidra til både fagleg utvikling, kvalitet i leveransane og vidare vekst i Progresso. Dette er ei nøkkelrolle for Progresso, og arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i noko grad kunne tilpassast erfaringa og spisskompetansen til den rette kandidaten, for å vidareutvikle ein viktig rådgivingskompetanse i selskapet.

Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som senior rådgivar i Progresso får du ein variert og viktig kvardag, der du jobbar tett med både kundar og kollegaer. Du vil vere ein fagleg sterk samtalepartnar for kundar med behov for meir enn tradisjonell rekneskapsleveranse, og bidra i oppdrag som krev høg kompetanse, god forretningsforståing og trygg rådgjeving.

Sentrale oppgåver:
  • Rådgjeving og tett dialog med kundar innan økonomi, drift og utvikling

  • Utarbeiding og oppfølging av rapportering, analysar og beslutningsgrunnlag

  • Årsoppgjer, skattemelding og andre avsluttande oppgåver

  • Bidra i større og meir komplekse kundeoppdrag

  • Fungere som ein strategisk sparringspartnar for leiing og eigargruppe hos kundane våre

  • Fagleg støtte og rettleiing til kollegaer internt

  • Bidra til vidareutvikling av leveransar, rådgivingsområde og kundearbeid

  • Moglegheit for deltaking i utleigeoppdrag, prosjektarbeid og spesialiserte rådgivingsoppdrag

Dette kan vi tilby deg

I Progresso får du ei rolle der du verkeleg får brukt breidda i kompetansen din. Du vil få arbeide med kundar som ønskjer meir enn rein produksjon, og du får høve til å påverke både innhald i eiga rolle og korleis vi vidareutviklar rådgivingstilbodet vårt. Dette er ei stilling med mykje tillit, stort handlingsrom og høve til å setje faglege spor.

Vi er opptekne av å vere i førarsetet når det gjeld moderne, effektive og digitale løysingar, og ønskjer medarbeidarar som vil vere med og utvikle både prosessar, tenester og kundeverdi vidare. Hos oss blir du del av eit miljø med høg kompetanse, korte avstandar og stor grad av samarbeid.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar og eit arbeidsmiljø der vi legg stor vekt på trivsel, kultur og fagleg utvikling. Som medarbeidar hos oss får du tilgang til ECIT Academy sitt kompetanseutviklingsprogram, der du kan delta på kurs, samlingar og nettverk på tvers av avdelingar og fagområde.

Kven er du?

Som person trur vi at du er fagleg trygg, har god forretningsforståing og evnar å skape tillit både hos kundar og kollegaer. Du trivst i dialog med kundar, likar å forstå verksemdene deira og har evne til å omsetje fag og tal til konkrete råd og gode løysingar. Du arbeider sjølvstendig og strukturert, men set òg pris på samarbeid og kunnskapsdeling med andre.

Du må vere komfortabel med å handtere komplekse problemstillingar, ta ansvar i kundeprosessar og bidra med kompetanse i både rådgjeving og faglege vurderingar. Samstundes ser vi etter ein person som er god på fag, tillitsskapande og som ønskjer å vere ein viktig del av fellesskapet vårt.

Vi ser for oss at du har:
  • Solid erfaring innan rekneskap, revisjon og/eller økonomisk rådgjeving

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi, rekneskap og/eller revisjon, til dømes siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor. Relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.

  • God kjennskap til regelverk innan rekneskap, skatt og avgift

  • Evne til å sjå heilskap, forstå kundebehov og omsetje dette til god rådgjeving

  • God systemforståing og trygg i bruk av digitale løysingar

  • God evne til å formidle fag på ein tydeleg og forståeleg måte

  • Erfaring med årsoppgjer, rapportering og rådgivande kundearbeid

  • Delingsorientert og opptatt av å bidra til eit godt fagmiljø

  • Bransjeerfaring eller innsikt i kundar med meir komplekse behov er ein fordel

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt:

Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no
Asbjørn Grini – 917 94 825 / asbjorn@visere.no

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Om selskapet:

Progresso AS vart etablert i 2003 og har for tida 11 tilsette i Florø. Progresso er ein del av ECIT, eit av Nordens største teknologi- og økonomihus med 3000 tilsette og ei omsetning på om lag 4 milliardar. Vi tilbyr ei komplett pakke innan økonomi og IT, og arbeider kvar dag for å gjere det enklare for kundane våre å drive selskapa sine. Entreprenørskap er viktig for oss, og du møter ein partnar uansett kva kontor du besøker. Vi meiner den lokale kunnskapen, engasjementet og tilstadeveret er viktig for å skape eit engasjerande arbeidsmiljø, og for at kundane våre skal lukkast. Vi satsar på utvikling av medarbeidarane våre, og det finst gode moglegheiter for å realisere karrieremåla dine hos oss. Sidan selskapet vart etablert i 2013, har vi vakse til eit konsern med kontor i Noreg, Sverige, Danmark, England, Polen, Litauen, Tyskland, Finland og Island. ECIT er framleis eit ungt selskap med store vekstambisjonar, og som medarbeidar hos oss får du vere med på den spennande reisa.

Bedriftskulturen vår er prega av verdiane våre: Integritet, Mot, Open kommunikasjon og Entreprenørskap. I ECIT brukar vi verdiane våre for å nå dei strategiske måla våre. Dei fungerer som rettesnora vår og rettleier oss i både store og små val

Kontaktperson for stillingen

Daniel Dvergsdal

90479470

daniel@visere.no

Om bedriften

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9d501df1-4660-4da4-ac33-c5cf99b6093e

Sist endret

21. april 2026

Hentet fra

teamtailor

Referanse

teamtailor-7594370-1956963

Lignende annonser

Laster lignende annonser