Spesialingeniør
Laboratorieklinikken/ Bioinformatikk, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største einingane for laboratorietenester i landet. Klinikken er organisert i avdelingar som dekker fagfelta patologi, mikrobiologi, medisinsk biokjemi, klinisk farmakologi, hormonanalysar, immunologi, transfusjonsmedisin, medisinsk genetikk, kreftgenomikk og biobank.
Bioinformatikk driftar og utviklar eigne løysingar for laboratoria ved Laboratorieklinikken, særskild retta mot NGS-basert diagnostikk. Vi jobbar prosjektbasert og ivaretar heile prosessen frå utvikling til produksjon og drift av produkta våre. Høg etterspurnad av tenestene våre gjer det nødvendig å få tak i fleire gode kollegaer som kan hjelpe oss i arbeidet vårt. Vi ønsker to tilsette, der den eine vil ha fokus på drift av infrastrukturen vår (linux, kubernetes, slurm, flux, ansible) og har ei spesiell interesse for dette, og ein som er retta meir mot utvikling, automatisering og validering av bioinformatiske pipelines. Vi har glidande oppgåvefordeling, så det eine utelukkar ikkje det andre.
Arbeidsoppgåver
- Utvikling, validering og drift av programvare og pipelines for analyse av ulike typer NGS-data
- Utvikling og drift av ulike laboratoriestøttesystem
- Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, laboratoriestøttesystem og LIMS
- Utvikling og drift av system for driftsstatistikk og kvalitetskontroll
- Brukarstøtte og deltaking i tverrfaglege team
Kvalifikasjonar
- Mastergrad eller PhD innanfor bioinformatikk, informatikk, molekylærbiologi eller eit tilsvarende relevant fagfelt. I særskilde tilfelle kan relevant erfaring kompensere for manglande formell utdanning
- Kjennskap, helst erfaring, med programmeringsspråk (som t.d. Go, Python, Javascript, SQL, R)
- Kjennskap, helst erfaring, med verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA SAM-tools,nextflow)
- Kjennskap, helst erfaring, med drift av linux
- Kjennskap, helst erfaring, med relevante teknologiar som t.d. kubernetes, slurm og docker
- Kjennskap, helst erfaring, med metodologiar som GitOps, DevOps og TDD
- Kjennskap, helst erfaring, med databasar (som t.d. postgresql, mongodb) og meldingstenester (som t.d. NATS, RabbitMQ)
- Meistre engelsk munnleg og skriftleg. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
- Løysings- og serviceorientert
- Kreativ
- Samarbeider godt i team
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe med parallelle prosjekt
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Høgt fagleg nivå med gode muligheter for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
vet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Jone Marius Vignes, Seksjonsleiar, 55975307Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4989231229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Jone Marius Vignes
Seksjonsleiar
55975307
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d5008e2-aa63-481b-9608-18b910c8ba10
- Hentet fra
talentech
- Referanse
48b574f494944361acf947e13c971d33