Hornindal Omsorgssenter, har ledig 100 % fast st for sjukepleiar.
Volda kommune, Institusjonsteneste
Urdene 9, 6763 Hornindal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Hornindal Omsorgsenter, har ledig 100 % fast st for sjukepleiar.
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Vi treng fleire sjukepleiarar med på laget vårt ! Autorisert vernepleiar kan og søkje.
Arbeidsstaden er Hornindal Omsorgsenter, ein kjekk arbeidsplass, her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og vi har ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.
Frå mai 25, går vi over til turnus med langvakter både på helg og nokre vekedagar. Det er 3 delt turnus . Vi har etablert team "sjukepleiar på topp" i tett samarbeid med heimebaserte tenester gruppe 3.
Hornindal omsorgssenter har 16 bebuerar fordelt på to grupper. Det er eit tett og godt samarbeid mellom desse to gruppene. Det er og eit tett samarbeid med heimebaserte tenester.
Arbeidsoppgåver
Faglig ansvarlig - Delta i heilhetlig pleie og oppfølging av bebuarane
Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av bebuerar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke bebuarar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med tilsynslege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Omsorgsenteret samarbeider tett med heimebaserte tenester gruppe 3 .
Sjukepleiar med ansvarsvakt i kan måtte bidra med sjukepleiaroppgåver ute i heimebaserte tenester ved behov.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar .
Oppgi HPR -nr i søknaden
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( Norsktest nivå B2)
Det skal fremeggjast politiattest før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein sjukepleiar/vernepleiar som er effektive og løysingsorienterte har godt humør og gode kommunikasjonsevner.
Den rette kandidaten må vere engasjert, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder.
Andre kriterier:
* Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
* Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
* Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Tilgang til e-læringkurs frå NHI
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar institusjonstjenester , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.noLiv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Urdene 96763 Hornindal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4965376259
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Liv Langeland Muldsvor
Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter
90768467
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943932
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a662d82cfa7d4408892e41bd0d00bcfa