Distriktsmusikar messing - 100% fast stilling
Alver kommune
Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Distriktsmusikar messing - 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Kvalifikasjonskrav
Utøvande høgare musikkutdanning med eit messinginstrument i brassbandfamilien som hovudinstrument (eufonium, baryton, tuba, althorn, tenor- eller basstrombone, eller dobling trompet/kornett) med minimum utøvande bachelorutdanning/4 år eller høgare.
Utdanninga må vere NOKUT-godkjent
Godkjent prøvespel for denne stillinga (sjå nedanfor)
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, Alver kommune er ein nynorskkommune.
Førarkort klasse B
Me vil setje krav til personlege eigenskapar, erfaring og engasjement for utøvande, skapande og inntektsretta kunstnarisk og musikalsk verksemd.
Me søkjer deg som har følgjande erfaring:
- som utøvande musikar i ensemble og solo
- frå prosjektretta musikarverksemd, kunstnarisk produksjons-/innhaldsarbeid og inntektsgenererande verksemd
- med formidling, instruksjon, direksjon og opplæring både til barn og vaksne
- med arrangering av musikk og gjennomføring av framsyningar
Du må legge ved kunstnarisk CV, i tillegg til vanleg CV.
Prøvespel
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til prøvespel i veke 49. Prøvespelet er samansett av ein sjølvvald del på omlag 15 minutt, eit obligatorisk verk på ca. 4-5 minutt (notar vert lagt ved evt. innkalling), ein minikonsert (ca. 10 min) for ei gruppe skuleelevar i barneskulen, prima vista og ein samtale. På prøvespelet vil det vere ein jury samansett av ein ekstern sensor og representantar frå Vestland fylke, Alver kulturskule, HR og tillitsvald. Kandidatar må bestå prøvespelet for å kunne verte vurdert for vidare prosess og intervju.
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Politiattest
I tråd med opplæringslova § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneOm Alver kommune
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar.
Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune.
Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me har ledig ei 100% fast stilling som distriktsmusikar med eit messinginstrument i brassbandfamilien som hovudinstrument.
Oppstart 01.01.2026
Alver kommune er ein stolt korpskommune, med lange og sterke korpstradisjonar. I samarbeid med Vestland fylkeskommune lyser me no ut ei utøvande og kompetansebyggande musikarstilling.
Stillinga er delt i to område. Undervisningsdelen utgjer 50% og er samansett av instruksjon og opplæring til korps, kursing og seminarverksemd, i tillegg til kulturskuleundervisning. Utøvardelen utgjer 50% av stillinga og kan til dømes vere samansett av konsertverksemd i samarbeid med lokalt og regionalt musikkliv, andre musikarar eller distriktsmusikarar, konsertar for barn og unge i den kulturelle skulesekken, arrangement og events i samarbeid med næringslivet.
Me søkjer deg som vil fremje lokal musikkultur, ta aktivt del i utviklinga av korpskommunen Alver, og fremje musikken som del av lokalsamfunnet gjennom utøvande verksemd og opplæring.
Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / Alver kulturskule, og er delt i ein utøvande del og ein kompetansedel med opplærande oppgåver.
Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium i ein bevisst kulturkommune.
Me søkjer deg som vil fremje lokal musikkultur, ta aktivt del i utviklinga av korpskommunen Alver, og fremje musikken som del av lokalsamfunnet gjennom utøvande verksemd og opplæring.
Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / Alver kulturskule, og er delt i ein utøvande del og ein kompetansedel med opplærande oppgåver.
Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium i ein bevisst kulturkommune.
Me ønskjer deg som trivst med å jobbe aktivt og oppsøkande, skape arbeid og inntekt og leie fram kunstnarisk og kompetansebyggande verksemd.
Stillingsfunksjonen vil ha inntektskrav, som du må trivst med å jobbe etter. Me ønskjer velkomen søkjarar som speler både grov- og finmessing, men søkjarar må ha hovudkompetanse på instrument som høyrer heime i brassbandfamilien (inkludert kornettdoblande trompetistar).
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d2fa591-7e57-480c-ab66-bc23fd6d40a5
- Sist endret
24. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267745
Lignende annonser
Undervisningsstilling / Lærar - 100 % vikariat - Eikanger skule
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Eikangervåg
Lærar - 94% vikar - Lindås ungdomsskule
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Lindås
Spesialpedagog
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø