Sommarjobb innan utandørs drift på Andenes
Forsvarsbygg
Andøya Flystasjon, 8480 Andenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarjobb på Andøya
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Forsvarsbygg søker 3-4 sommarvikarar til Andenes til oppgåver knytt til primært utandørs drift, som til dømes plenklipping, målearbeid og gjerdearbeid.
Vi har behov for sommarvikarar i vekene 26-33. Oppgi i søknaden kva for ei periode du ønsker å jobbe.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-4 veker den oppgitte perioden. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Plenklipping
- Målearbeid
- Gjerdearbeid
- Diverse driftsarbeid
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i løpet av 2026.
- Minimum ein av de som tilsetjast bør være over 18 år.
- Ønskelig med førerkort kl. B
- Du må kunne autoriserast føre oppstart
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeidar (kode 1138/1115), kr. 293 500 - 417 600 i brutto årleg lønn.
Kontaktinformasjon
Tore Spjelkavik, Områdeleiar, 404 33 259
Arbeidsstad
Andøya Flystasjon
8480 Andenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Forsvarsbygg
Referansenr.: 5084569456
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Tore Spjelkavik
Områdeleiar
404 33 259
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d2ce7b0-6020-441f-9548-e1c438833abf
- Sist endret
4. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bf42c87e35894b19af954c546a8340bd
Lignende annonser
Sommervikarer renhold
Arbeidsgiver
Andøy kommune Avdeling for eiendomsforvaltning
Sted
Andenes
Arbeidsgiver
Andøya lufthavn, Andenes, Avinor AS
Sted
Andenes
Praktisk bistand
Arbeidsgiver
Andøy kommune Hjemmetjeneste Sør
Sted
Dverberg