Fagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiarar søkes til miljøtenesta
Miljøtenesta, Time kommune
4340 Bryne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiarar søkes til miljøtenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Bryne Aktivitetssenter ligg i Sivdamsenteret på Bryne, og gjev dagtilbod til vaksne med redusert fysisk og/eller kognitiv funksjon.
Nubben ligg sentralt i utkanten av Bryne, med gå avstand til både buss og tog. Avdelinga gjev timebasert og heildøgnstenester til 10 bebuerar.
Nye Vardheia ligg sentralt i Bryne sentrum, kort vei til buss og tog. Avdelinga gjev heildøgnstenester til 3 bebuerar pr i dag.
Foren burettslag ligg på kverneland, og gir heldøgntenester til 7 unge bebuarar.
I Miljøtenesta er me ein fin gjeng med tilsette, og på grunn av eit auka tenestebehov i avdelingane, treng me fleire med på laget.
Me har ledig følgende stillinger:
1 faste 100 % stilling for fagarbeider dagtid ved Bryne aktivitetssenter.
1 vikariat på ca 70-75% dagtid på Bryne Aktivitetssenter og 25-30 % helg og aften i Nubben bufelleskap.
Helgene i Nubben er lagt inn kvar fjerde uke med langvakter.
100% helsefagarbeider i Foren, arbeid dag/kveld og 4 hver helg med langvakter.
1 stilling i døgnturnus med arbeid 4 hver helg, fagarbeider.
2 x ca 70 % stilling fagarbeider (med mulighet for høyere stilling) langvaktturnus med 14 timers vakter og arbeid kvar 4 helg i ene tiltak 2:1 bemanning ved Nye Vardheia bufelleskap (menn oppfordres til å søke)
Er du ein person med rett kvalifikasjon, erfaring frå og interesse for å arbeida med personar som har samansette funksjonsnedsettingar, håper me at du søker.
I Miljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande. Humor, galskap og glede sprer me dagleg blant personal og bebuarar for å kunna gje gode tenester og trivsel på jobb. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er verdi og rammeverk for tenesteytinga. Er du ikkje kjent med kva PAS inneber, fortvil ikkje. Me har gode kurshaldarar internt i miljøtenesta. Det vil verta lagt vekt på at du er eigna for stillingane.
Arbeidsoppgåver
- ansvar for helsefaglege observasjonar, tiltak og oppfølging av brukarar
- samarbeida med pårørande og sikra at brukarmedverknad vert teke vare på
- arbeida både sjølvstendig og i team
- bidra til å sikra forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- sørga for at nødvendige rutinar og prosedyrar er utarbeidde og oppdaterte
- bidra til at me beheld eit godt arbeidsmiljø
- likar utfordrande arbeidsoppgåver med spesielt fokus på miljøarbeid og aktivitet for brukarane våre, følge brukarar i basseng
- det inngår i stillinga at du er med i ressursgrupper, har medisinansvar og sikrar eit godt samarbeid med dei ulike bustadane.
- rettleia studentar og lærlingar i praksis
I imiljøtenesta jobbar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte, med fokus på sjølvbestemming og fellesskap i samarbeid med pårørande. Eit av satsingsområda til miljøtenesta er implementering av positiv atferdsstøtte (PAS) som verdi og rammeverk for tenesteytinga. Ernæring og "Bra mat" er også et viktig satsingsområde. Me har fokus på samdrift på tvers i heile kommunen.
Me jobbar for å halda eit høgt fagleg nivå, og har etiske refleksjonssamlingar. Dette gjer oss meir bevisste på kvifor me gjer som me gjer, og minner oss på at me alltid skal ha det beste for brukarane i fokus.
Eit positivt arbeidsmiljø med respekt for kvarandre er viktig. Me skal gjera kvarandre gode og er opptekne av at alle skal trivast på jobb. Slik gjer me også ein betre jobb for brukarane våre.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Miljøtenesta i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, brukarsikkerheit og kvalitet.
Kvalifikasjonar
For stillinga v/Bryne aktivitetssenter/Foren
Helsefag arbeider - eller annen fagutdanning som eks. barne og ungdomsarbeider kan bli vurdert
For stillinga Nubben/Bryne aktivitetssenter:
Autorisasjon som vernepleier eller sykepleier
For stilling ved Nye Vardheia:
Fortrinnsvis helse fagarbeider - andre helse og sosialfaglige utdannelser kan bli vurdert
Førarkort klasse B manuell gir
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Emilie Øines, Avdelingsleiar, 45422870, emilie.oines@time.kommune.noEli Westerlund Goodwin, Avdelingsleiar, 47172307, eli.westerlund.goodwin@time.kommune.no
Tove Merete Vorland, Avdelingsleiar, 90211349, tove.merete.vorland@time.kommune.no
Arbeidsstad
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4977614121
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 12.06.2025
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9d1b5234-5402-4431-a255-a257eda7b7d7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a295e5a67954838a86e509c2562b172