Vil du ha ein nøkkelrolle ombord på eit nytt fartøy?
Seashore Shipping AS
5430 Bremnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Styrmann
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Bremnes Seashore styrkar eiga serviceteam med ein ny båt som har planlagt levering januar/februar 2027. Vi søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst styrmanntil nyoppretta stilling om bord på MS Laila. Styrmann er ein viktig ressurs i den daglege drifta og skal bidra til trygg, effektiv og profesjonell gjennomføring av fartøyet sine oppdrag.
Som styrmann vil du vere skipsførar sin næraste medarbeidar og stedfortredar, med ansvar for navigasjon, operasjonell støtte og oppfølging av fartøyet sine rutinar og sikkerheitssystem.
Viktigaste ansvarsområde:Som styrmann vil du:
- Vere skipsførar sin stedfortredar ved behov
- Utføre navigasjon og medverke til trygg drift av fartøyet
- Bistå skipsførar i planlegging og gjennomføring av operasjonar
- Leie og koordinere dekksarbeid ved behov
- Følgje opp vedlikehald av sikkerheitsutstyr og tilhøyrande dokumentasjon
- Utføre oppgåver som maskinpassar
- Sikre etterleving av prosedyrar, sjekklister og rapporteringsrutinar
- Bidra til at drift og operasjonar vert gjennomførte i samsvar med gjeldande regelverk, HMS-krav og interne rutinar
Vi søkjer deg som har:
- D6-sertifikat
- Gyldig sikkerheitskurs
- VHF/SRC-sertifikat
- Gyldig helseattest
- Relevant erfaring frå maritime operasjonar er ein fordel
Vi legg vekt på at du har:
- God forståing for navigasjonssystem og sikkerheitssystem
- Evne til å arbeide strukturert og systematisk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å leie og koordinere operasjonar ute på dekk
- God operasjonell forståing og evne til å handtere utfordringar på ein trygg og effektiv måte
Vi ser etter ein person som:
- Er ansvarsbevisst og påliteleg
- Har høgt fokus på tryggleik, kvalitet og HMS
- Tek initiativ og arbeider sjølvstendig
- Er løysingsorientert og fleksibel
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet om bord
- Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Firmahytter i Røldal, Voss og Spania
- Skiftordning:2/2 rotasjon(14 dager på og 14 dager av)
Om bedriften
Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cfdad74-d39e-4f5f-994c-71880b996983
- Sist endret
14. september 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
475295434