Fagleiar heimetenesta i Hjartdal kommune
Hjartdal kommune Heimetenesta
Hågånvegen 19, 3692 Sauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagleiar heimetenesta, vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Er du vår nye fagleiar i heimetenesta?
Ledig vikariat som som fagleiar ved heimetenesta i Hjartdal kommune i perioden ca. 22.09.2025 til 01.11.26. Arbeid på dagtid.
Som fagleiar har du det faglege ansvaret og dagleg drift for heimetenesta i nært samarbeid med einingsleiar.
Dette inneber:
- Ansvar for dagleg drift.
- Tverrfagleg samarbeid med møte kvar veke saman med tenestekontor vedr. tildeling av tenestar.
- Legevisitt med kvar einskild fastlege kvar veke.
- Deltek i faglege nettverk og tenesteutvikling.
Di stemme blir høyrt. Eit lite bidrag frå deg gjer fort ein stor skilnad. Dine idéar kan raskt bli sett ut i live.
Info om eininga
Heimetenesta har base på Hjartdal omsorgssenter. Hjartdal kommune fikk nytt omsorgssenter i 2020. Det nye omsorgssenteret består av 8 nye omsorgsplassar, samt 16 sjukeheimsplassar fordelt på små avdelingar. I tillegg har omsorgssenteret ei KAD seng. Vårt mål er å kunne nytte kompetanse på tvers utifrå pasientane sine behov. Vi har tilsette som jobbar begge stader.
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Ønskeleg med leiarerfaring.
- Gode datakunnskaper.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å vere løysingsorientert, reflektert, fleksibel og nytenkande.
- Har vilje til og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team.
- Evne til å kunne handtere akutte situasjonar jf. Retningsliner
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings-, og pensjonsordningar
- Variert arbeid i eit triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtale.
- Konkurransedyktig lønn.
Givande arbeidsdagar.
Vil du bli ein del av eit fellesskap der vi heiar på nytenking og jobbar for å vere best på fag og utvikling?
Visste du at omsorgssenteret har open kafé kvar onsdag? Kjøp eller ta med lunsjen og bli med på hyggelege samtaler med kollegaer og brukarar. Det varmar hjarta våre når vi ser bebuarane si glede og utstråling.
Det er også mogleg å kjøpe mat frå kjøkkenet kvar dag.
Anna:
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg! Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar.
- Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer).
- Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga.
Kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
Nå manglar det berre å sende oss ein søknad via elektronisk søknadsskjema.
Har du nokre spørsmål? Ta kontakt med oppgitt kontaktperson som gjerne svarar deg på det du lurar på!
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2935161
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3499695_235439_nn