Vil du jobbe tett på kundane og vere ein rådgjevar som folk stolar på?
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Dalstunet 6, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Kunderådgjevar Privatmarknad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. februar
Likar du å finne gode løysingar, skape relasjonar og hjelpe kundar til å få tryggleik og oversikt i økonomien sin? Då kan dette vere stillinga for deg.
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid vere. Vi set kunden og rådgjevinga i fokus. I kombinasjon med god lokalkunnskap er dette vår største styrke.
No ser vi etter ein ny kollega til kontoret vårt i Dale. Du blir ein del av eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der vi kombinerer erfaring, pågangsmot og ekte engasjement for kundane våre.
Som kunderådgjevar får du ansvar for å utvikle og ta vare på kundar. Du gir gode råd som er tilpassa behova til kvar enkelt og bygg relasjonar som varer.
Dine hovudoppgåver vil vere:-
Gi rådgjeving og løysingar innan sparing, lån, forsikring og daglegbank
-
Følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje
Du er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god til å sjå behov og finne dei rette løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å samarbeide med andre, og har samtidig driv og engasjement når du jobbar på eiga hand.
Vi ser gjerne at du har høgare utdanning og er autorisert finansiell rådgjevar, men det viktigaste for oss er at du er engasjert og ønskjer å lære. Manglar du autorisasjon, får du god støtte av oss til å kome i mål.
Kvifor skal du søkje hos oss?Her får du eit arbeidsmiljø der folk trivst, støttar kvarandre og tek vare på både kundar og kollegaer. Her er det korte vegar til avgjersler. Vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Vi legg vekt på at du skal ha ein kvardag som gir både fagleg og personleg utvikling. Samtidig ønskjer vi at du skal ha ein god balanse mellom jobb og fritid, med fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august.
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eigenkapitalbevis første året etter oppstart, og banken har eit gunstig spareprogram i EK-bevis for faste tilsette.
Du får funksjonærlån med god rente, samt tilsett-betingelsar på sparing og forsikring. I tillegg har vi fleire andre velferdsgoder, som hytter og leiligheiter.
Kombinasjonen av gode ordningar, støttande kollegaer og meiningsfulle arbeidsoppgåver gjer at folk trivst, utviklar seg og blir verande hos oss lenge.
Om du lurer på noko eller ønskjer å vite meir om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med Banksjef Torunn Mattson.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk gjennomførast av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. Søkarar som får tilbod om stillinga må framlegge vandelsattest.Om bedriften
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9cc28c9c-9fea-4e68-8e55-2d9bf356c36f
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
447548056
Lignende annonser
Forsikringsagent
Arbeidsgiver
IF Forsikring
Sted
Sandane, Stad, Sunnfjord
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Førde
Arbeidsgiver
Førde Bygg AS
Sted
Førde