Sjukepleiar
Akuttmottak/Observasjonspost Førde, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
🌟 Sjukepleiar! Bli med på laget vårt i akuttmottak/observasjonspost i Førde! 🌟
Vi søkjer deg som vil vere med der det skjer – når det skjer. Ledige stillingar:
💼 100 % fast stilling frå 18.08.2025
💼 100 % vikariat frå 18.08.2025 – 02.03.2026
💼 100 % vikariat frå 18.08.2025 – 30.08.2026
💼 80 % vikariat frå 01.10.2025 – 04.10.2025
Kven er vi?
Akuttmottak/observasjonspost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass der ingen dagar er like. Vi tek imot om lag 25 pasientar i døgnet som treng augeblikkeleg hjelp, og har ansvar for pasientar til poliklinikk på kveld, natt og helg. Her møter du eit breitt spekter av fagfelt – frå indremedisin og nevrologi til kirurgi og ortopedi.
Vi er ein del av medisinsk avdeling og har tett samarbeid med medisinskfagleg rådgjevar. Seksjonen består av om lag 30 engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar med høg kompetanse og brei erfaring.
Kvifor velje oss?
🔹 Fagleg utvikling i fokus
Hos oss får du opplæring og sertifisering i AHLR (vaksne, barn og nyfødt), traumesjukepleie (KITS), og deltek i regelmessig simulering og trening. Du blir ein del av akutte team som traumeteam, hjartestans og medisinsk akutt team - alt etter opplæring og sertifisering.
🔹 Variert og utfordrande arbeid
Du får jobbe i eit miljø der du stadig lærer noko nytt, og der du får bruke heile breidda av sjukepleiefaget – i eit høgt tempo og med stor betydning for pasientane.
🔹 Sterkt fellesskap og godt arbeidsmiljø
Vi er stolte av å ha eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø, der vi løftar kvarandre og har det bra ilag- sjølv i hektiske tider!
Praktisk info
- Observasjonsposten har 6 sengeplassar (4 i helg)
- Akuttmottaket har 8 behandlingsrom
- Vi har fokus på kontinuerleg trening og utvikling
Er du klar for å bli ein del av vårt team?
Send inn søknad og bli med på laget som står fremst når det gjeld – og som alltid har pasienten i fokus.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og prioritering av hastegrad hjå pasientar
- Tverrfagleg samarbeid
- Observasjonspost arbeid med overvaking av pasientar
- Oppfølging av akutt sjuke pasientar og deira pårørande
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå akuttmottak/observasjonspost er positivt
- Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Personlege eigenskapar
- Fleksibel
- Interesse for akuttmedisin
- Gode samarbeidsevner
- Like å arbeide i høgt tempo
- Fagleg engasjement
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit engasjerande arbeidsmiljø
- Godt, inkluderande og kollegialt miljø
- Mentorordning/fadderordning for nytilsette
- Fagleg utfordrande arbeid!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anita Dvergsdal, Spesialsjukepleiar, (+47) 578 39 008Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4975097076
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 11.06.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ca745fd-5c11-4a57-81d8-d49b386feb7e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b81e6e46eeaa4e60a428cfde95e9db43