Vernepleiar Surnadal sjukeheim - faste stillingar og vikariat
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. oktober
Surnadal sjukeheim har ledig faste stillingar og vikariat for vernepleiarar
Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter med arbeid 4.kvar helg.
Om oss:Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).
Hos oss har vi stort fokus på:
- miljøarbeid
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- velferdsteknologi
- refleksjon
- aktivisering
Arbeidsområde
- utøve vernepleie på tenestestaden
- delta i utviklingsarbeid
- delta aktivt i faglege beslutningar
- veilede kollegaer og studentar
- vere medansvarleg for planlegging av aktivitetar til pasientane
- bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartnarar.
- ivareta rapportering i samsvar med gjeldende rutiner.
- teamleiarfunksjon og samhandling
Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.Vi kan tilby:
- avklart rolle og eigen stillingsbeskrivelse
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9c9ae5c7-4a68-4ea5-beb4-cdc1a00285c4
- Sist endret
11. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3660943_187099_nn