Hopp til innhold

Sjukepleiarar søkjast til Gulen kommune - bonus på kr 100 000

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1149, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 2 x 100% fast sjukepleiar - bonus, frå snarast
Type ansettelse
Fast, deltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 6. oktober

Om stillingane  

Gulen kommune har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar, for tida ved sone Eivindvik – Gulen sjukeheim. Oppstart snarast eller etter nærare avtale.

Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, med høve til å bruke fagkompetansen din tett på bebuarar, pasientar og kollegaer. Hjå oss vert du ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø med viktige oppgåver innan pleie og omsorg.

Vi har følgjande stillingar:

  • 100% fast stilling som sjukepleiar. Turnus med arbeid kvar 3. helg (ordinære vakter), eventuelt 4. kvar helg (langvakter) 
  • 100% fast stilling som sjukepleiar. Turnus med arbeid kvar 3. helg (3-delt turnus). Langvakter kan vurderast 
Vi tilbyr
  • løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
  • bonus på kr 100 000 ved to års bindingstid
    Bonusen vert som hovudregel utbetalt ved utløpet av bindingstida, dersom ikkje anna vert avtalt
  • ekstra helgekompensasjon per gjennomførte helgevakt
  • varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
  • eit inkluderande arbeidsmiljø og gode kollegaer

Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim er éi av tolv einingar i Gulen kommune. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande i Eivindvik-krinsen og til bebuarar ved Gulen sjukeheim, som ligg sentralt i Eivindvik.


Arbeidsoppgåver

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Medikamentadministrasjon
  • Andre sjukepleiefaglege oppgåver
  • Avløysar for avdelingssjukepleiar
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest ved mottak av stilling
  • Negativ MRSA/TBC før oppstart
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Nina Haveland

Einingsleiar sone Eivindvik - Gulen sjukeheim

+4745871550

nina.haveland@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c95770a-8fc0-412b-81ff-7386309e8ddf

Sist endret

15. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10309165

Lignende annonser

Laster lignende annonser