Ingeniør bygg og anlegg
Høyanger kommune Eining plan, prosjekt og forvaltning
Aug.Gunnarskogsgate , 6993 Høyanger
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vil du arbeide med kvalitetsheving og berekraftig utvikling av Høyanger kommune sine bygg og anlegg?
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom privat næringsliv, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Som ein del av dette bilde er det planlagt fleire større investeringsprosjekt i kommunen innanfor både bygg og anlegg.
Her kjem du inn i bildet!Arbeidsdagen vil bestå av:- Tilstandsanalysar av bygg og anlegg
- Rådgjeving og sakshandsaming innanfor fagområdet
- Utarbeide vedlikehaldsplanar, prosedyrar og rutinar
- Prosjektering av mindre byggeprosjekt.
- Utarbeide tilbodsgrunnlag, prisførespurnader og følgje opp mindre prosjekt.
- Gjennomføring av internkontroll
- Tilsyn etter plan- og bygningslova
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
- Interessante, viktige og varierte oppgåver
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
- Fleksitid
Kvalifikasjonskrav
Høgare utdanning innan ingeniørfag bygg og anlegg. Det er ønskjeleg at du har erfaring med prosjekt frå bygg og anlegg, samt regelverket kring offentleg anskaffing. Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg. Nyutdanna vert oppmoda til å søkje.
Vi søker deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptatt av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Meir informasjon om Høyanger?
Sjå også https://www.sognefjord.no/fjordbygder/hoyanger
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848638
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3459465_205923_nn