Hopp til innhold

Operatørar sveis

Arbeidsgiver

Saferoad Vik Ørsta

Sted

Nørestranda 383, 6152 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Operatørar sveis
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du vere med på å sikre tryggare vegar?

Saferoad Vik Ørsta ser etter to motiverte medarbeidarar til vår moderne lysmastfabrikk, som vil vere med på det viktige arbeidet med å sikre tryggare vegar i Norge.

Ei lysmast er ikkje berre ei lysmast, men skal bidra til å redde liv i trafikken. Vi treng di hjelp til å nå visjonen om null drepte og hardt skadde i trafikken!

Hovudoppgåver vil vere:
  • manuell sveis og robotsveis
  • manuelt og automatisert mekanisk arbeid

Stillingane inngår i skiftordning delar av året. 

Vi ser etter deg som:
  • har interesse for mekanisk arbeid og sveis
  • har sans for orden og system
  • kan bidra til godt samarbeid i avdelinga og vere fleksibel for å jobbe i andre avdelingar
  • har gode haldningar og lyst til å lære

Du må gjerne ha relevant erfaring frå sveising eller liknande, men dette er ikkje eit krav. Vi gir nødvendig opplæring og kursing og du vil få muligheit til å ta fagbrev. 

Slik søkjer du:

Send søknad, CV og vedlegg via lenka på denne sida.
Har du spørsmål om opplasting av dokument? Kontakt Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.

Spørsmål om denne spennande stillinga? Kontakt oss:

Arbeidsleiar Torbjørn Follestad, tlf. 909 07 329


Flytte til Ørsta?

Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.

I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.

Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?


Stolte av produkta våre spør du?

- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.

Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Saferoad Vik Ørsta!

Snart 80 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 80 år til. Minst!

Video: Nanseth Media

Video: https://youtu.be/TbWMxh1wli4?si=sjCZSNQhfxZTVaea

Kontaktperson for stillingen

Torbjørn Follestad

Arbeidsleiar

+4790907329

torbjorn.follestad@saferoad.com

Om bedriften

Saferoad Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 250 tilsette. 

Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no

Saferoad Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad Group. Saferoad Group er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land.

Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c50f8b2-0dd3-4a87-a4d0-e44306458cd2

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10286874

Lignende annonser

Laster lignende annonser