Hopp til innhold

Instruktør maritim ved Sikkerheitssenteret i Måløy

Arbeidsgiver

SIM - Måløy vidaregåande skule,  Vestland fylkeskommune

Sted

Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen

Om jobben

Stillingstittel
Instruktør maritim ved Sikkerheitssenteret i Måløy
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr sikkerheitsopplæring og maritime kurs for personell i industri, skipsfart, fiskeri- og havbruksnæring. Kurssenteret er sertifisert og godkjend av DNV som maritimt treningssenter, og har godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs. Sikkerheitssenteret i Måløy er ei avdeling ved Måløy vidaregåande skule.

Vi søker Instruktør maritim som trivst med ein variert teoretisk og praktisk kvardag. Du vert motivert av å gi opplæring, og trivst med å gi våre kundar god oppleving og service ved kurssenteret. Hos oss vil du få utfordringar både ved kontorpulten, i klasserommet og ute i felt ved gjennomføring av praktiske øvingar. Høyres dette spennande ut? Då ønsker vi deg med på laget! 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av teoretisk og praktisk opplæring
  • Bidra i praktiske øvingar i vår kursportefølje
  • Tilsyn og vedlikehald av utstyr
  • Utvikling av læremateriell og kurstilbod
  • Aktivt medvirkning i drift- og utviklingsarbeid
  • Dialog med kundar og samarbeidspartnarar 

Kvalifikasjonar

  • Maritim utdanning frå fagskule eller høgskule
  • Dekksoffiser klasse 3 eller høgare
  • Erfaring frå skipsfart
  • God  IT-kunnskap
  • Erfaring med opplæring og/eller pedagogisk kurs er ønskeleg
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjon og formidlingsevne på norsk
  • Førarkort klasse B
  • Truckførarbevis er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Blid, omgjengeleg og løysingsorientert
  • Dyktig til å bygge og vedlikehalde gode relasjonar
  • Påliteleg, strukturert, ryddig og fleksibel
  • Aktiv i utviklingsarbeid
  • Samarbeider mot individuelle og felles mål
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljøet
  • God fysisk form

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Jobb i eit team med tett samarbeid for å nå felles mål
  • Variert kvardag med teoretiske og praktiske oppgåver inne og ute
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Eit profesjonelt, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Fleksitid
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Stillinga krev stor grad av fysisk oppmøte. Noko reiseaktivitet kan forekomme.  

Kontaktinformasjon

Mona Bakke Svarstad, avdelingsleiar, 91620364, mona.bakke.svarstad@vlfk.no

Arbeidsstad

Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5080835716
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Mona Bakke Svarstad

avdelingsleiar

91620364

mona.bakke.svarstad@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9c276a23-fc11-4a4f-8da1-e37ec056720e

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e53c3ab894b14ace9950a4e70c7e42ff

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Troms, Trøndelag, Vestland, Island, Østfold

Superrask søknad

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland, Island, Finnmark

Superrask søknad

Maskinist (skip)

Arbeidsgiver

Møre Oppdrettsservice As

Sted

Finnmark, Møre og Romsdal, Nordland, Trøndelag, Vestland, Island

Superrask søknad