100% faglærar Sandeid fengsel
Ølen vgs, Rogaland fylkeskommune
Sandeidvegen 635, 5585 Sandeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100 % faglærar Sandeid fengsel
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Frå 1.08.2025 er det ledig 100% undervisningsstilling, der 50% er fast og 50% vikariat skuleåret 2025/26. Den faste delen er primært knytt opp mot realfag, men anna relevant kompetanse er aktuell. I vikariatdelen ynskjer me primært å kunne tilby praktisk opplæring, fagkompetanse/fagbrev innan ulike fagområde kan vere aktuelt, likeeins kompetanse innan praktisk-estetiske fag (musikk, kroppsøving, kunst og handverk).
Arbeidsoppgåver
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.Undervisningskompetanse i fleire fag er å føretrekkje, då opplæringa vert tilpassa individuelle behov.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og praksis i aktuelle fag
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest, samt krav om utvida politiattest
- Genuin interesse for oppfølging av enkeltelevar med ulik bakgrunn og livserfaring
Til undervisningsstillingar er det krav om relevant kompetanse i dei aktuelle faga samt godkjend pedagogisk utdanning. Om det ikkje melder seg søkjarar med relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning vil andre søkjarar kunne bli vurdert.
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Ein må kunne arbeide tverrfagleg, handtere raske endringar, og ha blikk for den einskilde eleven sine behov og utfordringar.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.
Me kan tilby
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
For meir informasjon om stillingane, ta kontakt med koordinator for opplæring i Sandeid fengsel, Tone Bendiksen telf. 52 76 72 54 / 41 69 28 57 , ev. pr. mail: tone.bendiksen@skole.rogfk.no
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort, selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Tone Bendiksen, Koordinator for opplæring i Sandeid fengsel, 52767254, tone.bendiksen@skole.rogfk.noArbeidssted
Sandeidvegen 6355585 Sandeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4990781668
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9bdeeb6f-7a6d-41c0-a3e7-22acf4d70db5
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f24a147bd30742e48c218cf21b381687