Hopp til innhold

Ernæringskokk

Arbeidsgiver

Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune

Sted

Prærien 23, 3870 Fyresdal

Om jobben

Stillingstittel
Ernæringskokk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Som ernæringsskokk på institusjon vil du stå for det daglege arbeidet i kjøkkenet, du vil vere med å produsere store mengder mat kvar dag, med vanleg kost og spesialkost. Det er stor vekt på og krav om god hygiene frå start til ferdig produkt. Som ernæringskokk vil du vere med på å skape mattrivsel og positive opplevingar i kvardagen hjå brukarane i Fyresdal.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar, samt 1 ØHD-plass. Hos oss skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. 

Kjøkkenet som høyrer til på POS har som målsetting å lage mest mogleg heimelaga mat og tilpasse kosten til brukarens behov. Vi lagar også mat til heimebuande eldre.

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget.


Arbeidsoppgåver

Stillinga som kokk inneber å tilberede matrettar og måltid, planlegging av kost og diettar, anrette matrettane,  internkontroll mat, bestilling av matvarer, ansvar for opplæring og tilrettelegging.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som ernæringskokk
  • Under utdanning som ernæringskokk

Personlege eigenskapar

  • Inneha interesse for matlaging, diettar og kosthald
  • Like å jobbe med menneske ved servering av måltid
  • Effektiv, nøyaktig og kreativ
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ha stort ansvar
  • Gode samarbeidsevner
  • Store krav til personleg hygiene
  • Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
  • Like utfordringar
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Årsturnus, dagtid, med arbeid 3. kvar helg
  • Kommunale vilkår, inkludert god pensjonsordning
  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk
  • Rask behandling av barnehage- og SFO-plass
Tilsettingsvilkår
  • Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato
  • Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 35067188

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5101782542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Gry Synøve Åmlid

Avdelingsleiar POS

+47 35067188

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9bd779e9-5dda-4214-add1-266531b7701a

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

50ea5318656d42db98807c5a276ff689

Lignende annonser

Laster lignende annonser