Hopp til innhold

Fengselsbetjent

Arbeidsgiver

Åna fengsel

Sted

Åna, 4365 Nærbø

Om jobben

Stillingstittel
Fengselsbetjent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

Om stillinga

Åna fengsel skal utvide avdeling Rødgata, avdeling for lågare tryggleik, avdelinga skal og ha fire plassar for utslusing av forvaringsdømte. I den anledning har Åna fengsel ledig stilling som fengselsbetjent, for tida med turnus i avdeling Rødgata, avdeling for lågare tryggleiksnivå. Arbeidstida er to-skift turnus med helg.Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.

Arbeidsoppgåver

  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
  • drive aktiviteter med innsette

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • interesse av å arbeida med tilbakeføringsarbeid
Det er ønskjeleg at du er
  • flink til å motivera
  • god til å skapa relasjonar
  • initiativrik
  • god til å samarbeide

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • gratis parkering
  • tilgang til el-billader
  • eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr fysisk aktivitet og sosialt samvær 
  • stillinga blir lønt som 0264 fengselsbetjent fra kr 500 000 til kr 630 000. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Inspektør Eldbjørg Engelsvoll

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Kontaktperson for stillingen

Eldbjørg Engelsvoll

Inspektør

+4751799180

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.

Åna fengsel har rundt 170 tilsette, med til saman 178 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 38 plassar med lågare tryggleiksnivå, der 4 plassar er tiltenkt forvaringsdømte.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9bd0ee15-a215-43cf-8656-8e746765cbf5

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10286047

Lignende annonser

Laster lignende annonser