Miljøterapeut - 58,28% og 56,28% stilling - Fast
Buteneste nordre, Ålesund kommune
Niusvegen 24, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøterapeut - 58,28% og 56,28% stilling - Fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Vil du ha ein fagleg spennande jobb med ansvar og påverknad? Vi søker deg!
Vi søker etter to fagleg trygge og engasjerte vernepleiarar/sjukepleiarar/miljøterapeutar i ca. 60 % faste stillingar til vår heldøgns bemanna bustad på Skodje.
Det er gode moglegheiter for å auke til 100 % stilling over tid.
Stillingane inngår i årsturnus med arbeid kvar 4. helg i 2026, med moglegheit for å kome med ønskje til turnus for 2027.
Du vil få primæransvar for tenestemottakarar med samansette og omfattande behov. Dette er stillingar for deg som ønskjer ansvar, sjølvstende og høg grad av fagleg påverknad i kvardagen.
Hos oss jobbar du tett på menneske – og gjer ein reell forskjell.
Botenesta Nordre avdeling Skodje 2 gir tilrettelagde tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Vi arbeider målretta for å skape ein kvardag prega av meistring, utvikling og livskvalitet i eit trygt og inkluderande fellesskap.
Fleire av våre tenestemottakarar har vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, noko som krev høg fagleg kompetanse, etisk refleksjon og trygge fagpersonar.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at brukar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Ha primæransvar for oppfølging av tenestemottakarar, inkludert planlegging, koordinering og evaluering av tiltak.
- Utføre observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhåndtering.
- Støtte brukar i kvardagsmeistring og bidra til auka livskvalitet.
- Bruke naudsynte hjelpemiddel og/eller kommunikasjonsverktøy.
- Utarbeide, oppdatere og følge opp tiltak og planar i tråd med vedtak og endra behov.
- Samarbeide tverrfagleg med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut, samt anna helsepersonell og pårørande.
- Bidra til fagleg utvikling, engasjement og kontinuerleg oppdatering på arbeidsplassen.
Kvalifikasjonar
- 3-årig høyskoleutdanning innen helse, sosial eller pedagogiske fag.
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Kunnskap om helse og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
- Du må ha førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Høg grad av fagleg ansvar og påverknad.
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
- Årsturnus som gir føreseielegheit.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelsetjeneste
- IA bedrift
- Gratis parkering
Kontaktinformasjon
ida Larsen, Avdelingsleder, 948 78 673, ida.larsen@alesund.kommune.noEirik Frøystad, Verksemdsleiar, 416 25 242, eirik.froystad@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Niusvegen 246260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5151272813
Stillingsprosent: 58,28, 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere
Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter.
Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra.
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9bb5a08f-03cb-47e8-a83d-d8747588e20e
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d880c4012a774beea2639d0ac2deb000