Avdelingsleiar, Bu og habilitering Bakk-Ola-marka- vikariat
Bu og Habilitering
Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdeligsleiar, Bu og habilitering
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. september
Vi er på jakt etter ein framtidsretta og engasjert avdelingsleiar. I Ørsta kommune er det for perioden 1.10.2025- 31.7.2026 ledig 100% vikariat i kommunalområde helse, omsorg og velferd, med f.t. Bu og habilitering som tenestestad.
Bu og habilitering yter teneste til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsvariasjonar som treng teneste i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og/eller avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Tenesta er stadig i utvikling, og møter mange utfordringar knytt til lovverk, system og ulike tenestemottakarar. Du vil få vere med å leie ei teneste som har tilsette med mykje kompetanse innanfor feltet.
Som avdelingsleiar for tenestene vert du ein del av tenesteleiar si leiargruppe. Arbeidet gir rom for personleg og fagleg utvikling. Avdelingsleiarstillinga har arbeid på dagtid der direkte tenesteyting vert kombinert med leiing og administrative oppgåver. Som avdelingsleiar er du ein del av grunnbemanninga i tenesta og må med dette pårekne arbeid på helg i turnusen din. Omlag 80 % av stillinga er knytt til dei administrative oppgåvene, meda dei resterande 20 % er tiltenkt arbeid i miljøet, men dette kan endre seg ved behov. Du vil få jobbe tett på tenestene. Relasjonen med tenestemottakarane, pårørande og samarbeidsinstansar er i fokus for å kunne yte så gode tenester for den enkelte innbyggjar som mogleg. I tillegg vil du få det daglege oppfølgingsansvaret for Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka, der du står som næraste leiar til prosjektmedarbeidar og jobbe tett inn mot utvikling av Aktivitetssenteret.
Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:
- Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå
- Oppfølging av tilsette
- Medansvar for økonomi og budsjett
- Leiaransvar for tilsette på avdelinga
- Kvalitetsutviklingsarbeid og rapportering
- Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging
- Dagleg drift og oversyn over Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.
Kvalifikasjonar
Du må ha 3 årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.
Vi vil særleg leggje vekt på følgjande:
- Leiarerfaring
- Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar
- Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet
- Kunnskap om turnusplanlegging og planlegging av dagleg drift.
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:- har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- kan handtere perioder med mykje som skjer på ein gong
- er ein tydeleg leiar som ser og involverer dei tilsette, men og kan ta dei meir krevjande avgjerslene
- har evne til å skape gode relasjonar, inspirere og ta initiativ, samt formidle avdelinga og tenesteområdet sine mål
- har evne til å leie, motivere og skape resultat
- har ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju.
Vi tilbyr
- Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Kollegar som er interssert i å utvikle dagens helse- og velferstenester
- Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3 Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
PrøvetidPrøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.noArbeidsstad
Anders Hovden-gata 276153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5002453416
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 11.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ba4ade1-d276-42c7-9cb4-6b068fd5a407
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ddf43a7d8cd849ec88596eb1f787c18f