Sjukepleiar 22% helgestilling tredelt
Akuttmottak og observasjon sengepost Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 22% helgestilling
Oppstart
13. april 2023
Type ansettelse
Fast, deltid 22%
Antall stillinger
1
I akuttmottak har vi ledig stilling som sjukepleiar, 22% helgestilling tredelt . I stillinga inngår 16 arbeidshelger/år. Andre stillingar kan bli ledige
Personleg eigenskap vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver
- I stillinga inngår arbeid i smittemottak, akuttmottak, observasjonspost og kontrollrom ved Stord sjukehus.
- Som sjukepleiar i akuttmottak møter ein sjuke og skadde pasientar i alle aldersgrupper. Ein jobbar både sjølvstendig og som eit del av eit større team i ein variert og utfordrande arbeidsdag.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Søkjarar bør ha relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Det er ynskjeleg at søkjarar har erfaring frå akuttsjukepleie/akuttmedisin.
- Det er ynskjeleg at søkjarar kan handtere ICCS og kontrollromsarbeid, kjenne til og kunne bruke Nødnett som kommunikasjonsveg.
Personlege eigenskapar
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø også på tvers av profesjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er engasjert i faget og viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottek gjerne hjelp
- Du må trivast i eit aktivt og tidvis hektisk miljø og vera fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Fagleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Agata Barbara Kapuscinska, funksjonsleder, 40729263, agata.barbara.kapuscinska@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4635741946
Stillingsprosent: 22%
Fast
Startdato: 13.04.2023
Søknadsfrist: 09.04.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288114
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c067858caf946949ab2f113a1089e14