Er du vår nye miljørettleiar?
Meling skule
Melingsheio 20, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. mai
Meling skule har ledig fast stilling som miljørettleiar. Me ser etter deg som vil vere med å styrke det milijøretta arbeidet ved skulen, samt delta i eit felleskap der me jobbar for at elevane skal oppleve respekt, tillit og klare forventningar i eit trygt og motiverande miljø.
Meling skule er ein barneskule, 1. - 7. og ligg fint plassert i bygda Meling. Skulen har 190 flotte elevar i eit inkluderande læringsmiljø saman med 35 tilsette. Delar av skulen er pussa opp, med SFO base og stort uteområde med lett tilgang til skog, mark og turløype.
Arbeidsoppgåver
Miljøretta arbeid for og med barn med særskilde behov.
Oppfølging av barn, samarbeid med føresette og andre instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Saman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinar.
Delta i rettleiing frå samarbeidande teneste.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet.Ønskjeleg med relevant erfaring innan miljøarbeid.
Erfaring med åtferds- og samspelvanskar er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Du er glad i barn og oppteken av å forstå åtferda deira.
Du er ein god relasjonsbyggjar, er trygg og forutsigbar når du blir utfordra.
Du er påliteleg og ansvarsfull.
Du er sjølvstendig, men samarbeidar òg godt med andre.
Du er fleksibel og løysningsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor på Meling skule, Katrine Hausberg,
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg, 958 35 391, Katrine.Hausberg@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Melingsheio 205430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4955891913
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919961
- Hentet fra
talentech
- Referanse
49801f9cc8be4c16a46abbf2b52feab0