Rågjevar/seniorrågjevar (1 års vikariat - jurist)
Kultur- og likestillingsdepartementet
Grubbegata 1, 0179 Oslo, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rågjevar/seniorrågjevar (1 års vikariat - jurist)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om stillinga
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har eit ledig eittårig vikariat som rådgjevar/seniorrådgjevar i medie- og kunstavdelinga, seksjon MK 1. Stillinga tilbyr eit breitt spekter av juridiske oppgåver som spenner frå implementering av EU-reguleringar til utvikling av nasjonal medie- og pengespelpolitikk, med stort rom for fagleg og personleg utvikling.
Det vil òg vere aktuelt å jobbe med andre oppgåver som ligg til avdelinga. KUD er eit relativt lite departement prega av høg offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk.
Arbeidsoppgåver
Mediesektoren er viktig for det offentlege ordskiftet, ytringsfridomen og demokratiet. Digital teknologi og sosiale medium har endra måten media opererer på, og feltet er i konstant endring. Dette gjer at mediepolitikken er eit dynamisk og utfordrande fagfelt, med stadig nye problem å løyse. Du vil til dømes få oppgåver som gjeld arbeidet til departementet med å gjennomføre EU-reguleringar på mediefeltet, som European Media Freedom Act. Du vil òg kunne bli sett til å bidra i arbeidet for å styrkje motstandskrafta i befolkninga mot desinformasjon. I tillegg vil du jobbe med løpande saker på mediefeltet, til dømes utvikling av mediestøtteordningane, eigarstyring av NRK, internasjonalt samarbeid, taleskriving for politisk leiing og handsaming av pressesaker. Seksjonen har òg ansvar for pengespelpolitikken, og du kan få i oppgåve å bidra til utviklinga av politikkområdet, mellom anna utviklinga av eigarstyringa til departementet av Norsk Tipping. I tillegg vil du kunne få oppgåver som gjeld andre delar av ansvarsfeltet til avdelinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha:- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap, med gode resultat
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du treng ikkje ha forkunnskapar om medie- eller pengespelpolitikk, men det vil vere ein fordel om du har noko kjennskap til eitt av desse felta og til EØS-rett.
Vi ser etter deg som har.- evne til å jobbe sjølvstendig
- gjennomføringsevne
- gode samarbeidsevner
- analytiske evner
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
- Lønn er frå 575 000 til 710 000 kroner brutto per år som rådgjevar, eller frå 650 000 – 860 000 kroner brutto per år som seniorrådgjevar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vere aktuelt.
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Vi held til midt i Oslo sentrum og skal i 2026 flytte inn i det nye Regjeringskvartalet som er under oppføring.
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon 90 79 51 92.
Om avdelinga og seksjonen
Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk.
Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området. Avdelinga er samansett av tre seksjonar.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9b6b51a4-c9d1-4084-9e0a-c64ef15211fe
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10255159