Selbjørn skule søkjer
Austevoll kommune Selbjørn skule
Birkelandsvegen 2, 5397 Bekkjarvik
Om jobben
Stillingstittel
Vikarlærar i 100% stilling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Selbjørn skule søkjer vikarlærar i 100% stilling med varigheit fram til 14. januar 2024 på 1.-4. trinn. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju fortløpande.
ArbeidsstadSelbjørn skule er ein barneskule med om lag 170 elevar og 35 tilsette. Vi held til i flotte omgjevnader i Bekkjarvik. Skulen har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal, flott musikkavdeling og stort uteområde.
Vi er med i Trivselsleiar-programmet, som er det største programmet i Skandinavia for aktivitet og inkludering i barne- og ungdomsskule. Konseptet TL-undervisning kombinerer fysisk aktivitet og læring i undervisninga. Hos oss bidrar både tilsette og elevar til eit betre samhald og eit tryggare skulemiljø gjennom organisert aktivitet i friminutta.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Undervisning i ulike fag på 1.- 4. trinn
- Faglæraroppgåver
- Arbeide i team
- Kontaktlærar
- Samarbeid skule - heim
- Aktiv deltaking i skulen sine utviklingsprojekt
- Samarbeid internt og med andre faginstanser
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.- 4. trinn
- Det kan vurderast å tilsette kandidat med relevant utdanning for stillinga dersom det ikkje skulle vere kvalifiserte søkjare. Til dømes relevant utdanning; pedagogikk, språkfagleg bakgrunn, matematikk
- Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
- Fordel med kompetanse til å undervise i fleire ulike fag
- Ønskjeleg med undervisningserfaring i basisfag
Søkjar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som er strukturert, sjølvstendig og fleksibel. Vidare må vår nye kollega:
- Vere samarbeidsvillig og inkluderande
- Vere oppteke av å skape gode relasjonar
- Ha gode skriftleg og munnleg norskkunnskapar
- Ha god IKT-kompetanse
- Løn etter kvalifikasjonar
- Kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på kr 12 300 pr år, kontaktlærartillegget er på kr 24 000 pr år
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2349066
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3175373_200437_nn