Strategisk rådgjevar med teknisk/maritim kompetanse
Statens vegvesen
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Strategisk rådgiver med teknisk/maritim kompetanse
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Har du teknisk/maritim bakgrunn og ønskjer å jobbe i eit leiande kompetansemiljø for innkjøp av ferjetenester og oppfølging av driftskontraktar for ferjesamband? Då har me stilling ledig som kan passe deg!
ArbeidsoppgåverDu vil primært få oppgåver innan den strategiske porteføljen til avdelinga, men må vera førebudd på å bidra på andre område også som t.d. kontraktsoppfølging eller innkjøp. Du kan bli bede om å leia større prosessar eller prosjekt. Gjennom desse oppgåvene kan du bidra til å utvikla den norske ferjemarknaden.
Ferjeavdelinga er del av divisjon Drift og vedlikehald som du kan lese meir om her.
Avdelinga leier an i det grøne skiftet innanfor maritim sektor. Vi har ei stor omsetning og forvaltar ein kontraktsportefølje verd om lag 20 milliardar kroner fordelt på 16 riksvegferjesamband. Avdelinga er også Samferdselsdepartementets fagorgan for ferje. Vidare forvaltar ferjeavdelinga riksregulativa for ferjetakstar og er systemeigar av Autopass for ferje. Avdelinga har medarbeidarar spreidd rundt i landet og kontorstad for stillinga er primært Molde, Stavanger eller Bodø, men anna kan avtalast.
Me søkjer no etter deg som vil vera med å utvikla dei tenestene me leverer til publikum ytterlegare i tråd med verdiane Statens vegvesen byggjer arbeidet sitt på. For å utvida breidda i kompetansen til avdelinga ønskjer me oss no ein kollega med teknisk og/eller maritim bakgrunn.
Kompetansekrav
Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan relevante tekniske eller maritime fag. Har du sterk og allsidig forståing for dei aktuelle fagområda, og gode personlege føresetnader for stillinga, kan krav til utdanning fråvikast. Arbeidsoppgåvene krev at du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Vi ønskjer videre at du har
- strategisk, administrativ og/eller operasjonell erfaring innan relevant teknisk/maritim verksemd
- erfaring frå resultatdrivne organisasjonar/prosessar
Har du erfaring frå offentleg sektor og/eller kontraktar og innkjøp vil det vera ein fordel.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).
Vi legg vekt på at du er samarbeidsorientert, engasjert og har evne til å arbeida strukturert mot fastsette mål og at du:
- kommuniserer klart og presist, og er god til å byggja relasjonar
- har gjennomføringskraft og kan sikra god kvalitet i leveransane
- har god digital kompetanse
- har evna til å sjå samanhengen mellom behov for løysingar i dag og framtidige behov
- er oppteken av kontinuerleg forbetring og løyser oppgåvene smidig og effektivt
Les dette før du søker!
Fyll inn søknadsskjemaet nøyaktig!På grunn av krava til utvida søkarlister må felta for utdanning og erfaring fyllast ut. Det er ikkje tilstrekkeleg å kun legge ved CV. Legg også ved relevante vitnemål og attestar.
Positiv særbehandlingStatens vegvesen meiner at inkludering og mangfald gjer at vi blir betre på å løyse oppgåvene våre. Vi ønskjer fleire medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hol i CVen, så om du kan krysse av for dette i jobbsøkarportalen, oppfordrar vi deg til å gjere det. Får du jobben, vil vi naturligvis legge til rette for deg om du treng det. Avkryssingane vert kun brukt til å syte for at vi vel ut dei rette kandidatane, i tillegg til anonymisert statistikk. Les dette før du krysser av
Søkarlista er offentligOpenheit og gjennomsiktigheit i forvaltninga er viktig, difor vil alle som søker hjå oss bli sette på den offentlege søkarlista om dei ikkje oppgir ein god grunnfor fritak. Har du bedt om å ikkje bli sett på lista, tek vi kontakt med deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Har du spørsmål om stillinga?Kontakt leiar Dag Hole, tlf. 901 09 101.
Vi tilbyrSom tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtida sine løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med våre nye utfordringar.
Vi tilbyr deg også desse godene:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse
- gode høve for fagleg påfyll
Løna di vert avtalt i samsvar med vår lønnspolitikk.
Om bedriften
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor
Offentlig
Nettsted