Sosionom 100% fast stilling
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Hauglandsvegen 309, 6968 Flekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Senteret har tilsett to årsverk som arbeidskonsulent/sosionom. Vi søkjer no etter sosionom i 100 % fast stilling.
Stillingstittel
Sosionom
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
-
Du må ha 3- årig sosialfagleg utdanning på høgskule- universitetsnivå
-
Det er eit ønske at søkar har god oversikt over velferdsordningar, arbeidsmarknaden samt moglegheitene i frivillig sektor. Arbeidserfaring frå desse områda vil vere ein fordel.
-
Kompetanse innan kognitiv terapi, motiverande intervju eller tilsvarande er ynskjeleg.
-
Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
-
Vere ressursorientert og ha tru på at alle kan delta i kvardags -og arbeidsliv til tross for helseplager
-
Vere imøtekomande og løysingsorientert i møtet med pasientar, kollegaer og samarbeidspartar
-
Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere systematisk og ha gode samarbeidsevner
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne (norsk)
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Det er krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.
Arbeidsoppgaver
-
Deltaking i tverrfagleg samhandling kring pasientar
-
Kartlegging og vurdering av psykososiale faktorar som har betydning for pasienten sin rehabiliteringsprosess og målsetting
-
Informere og rettleie pasient om aktuelle trygderettar
-
Rådgjeving i høve arbeid, utdanning, økonomi og bustad
-
Informere om stønadar, offentlege og private hjelpeinstansar, og bistå i eventuelt arbeid med søknader
-
Engasjere, motivere og støtte pasient til aktiv deltaking i eigen endringsprosess
-
Gjennomføre gruppeundervisning i relevante tema
Vi tilbyr
-
Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
-
Varierte arbeidsoppgåver
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
-
Gode lønns- og arbeidsvilkår
-
Gode velferds-, pensjon- og forsikringsordningar
Kontaktperson for stillingen
Marte Ulltang
Klinikkleiar
99507591
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd, og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.
Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk. og elevane representerer eit stort mangfald på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa.Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921650
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
9b173f10-2f7c-4d99-a146-f69f8ec108aa