Fagkoordinator/miljøterapeut vikariat
Bu- og habilitering seksjon lunde, Herøy kommune, Bu- og habiliteringsavdelinga
Kvithaugsmyra 4, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagkoordinator/miljøterapeut vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Ønska du moglegheita til å støtte og motivere brukarane våre, samtidig som du får jobbe på systemnivå? Då kan du vere den vi ser etter!
I bu- og habiliteringsavdelinga har vi ledig eit vikariat som fagkoordinator og miljøterapeut. Stillinga høyrer for tida til seksjon lunde, som er ein av tre seksjonar i avdelinga.
Avdelinga har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar som har behov for bistand i eigen heim. Arbeidet er for tida i todelt turnus og har 35,5 timars arbeidsveke med arbeid fire helgar over ein periode på tolv veker. Vi nyttar årsturnus med både ordinære og lange vakter, noko som gir fleksible friperiodar.
Ein dag i veka er knytt til fagkoordinatorrolla. Som fagkoordinator vil du ha ei sentral rolle i det faglege arbeidet, samarbeide tett med leiar og kollegaer, og bidra til kvalitet, struktur og fagleg utvikling. Du vil vere med på å etablere rutinar og prosedyrar og rettleie andre tilsette. Kompetansen din kan òg bli nytta på andre område innan helse- og omsorgstenestene.
Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar, kan arbeide sjølvstendig og trivst i ein hektisk kvardag. Du får dyktige kollegaer som jobbar målretta med individuell pleie og omsorg av høg kvalitet. Vi søkjer deg som ser løysingar framfor avgrensningar, som står opp for det du meinar og tek ansvar for eigen arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver
- fagleg rådgjeving og tilgjengeleg ressurs for andre tilsette
- koordinere arbeidsgrupper, rutiner og opplæring på arbeidsplassen
- sakshandsaming
- samarbeide med seksjonsleiar og ta ansvar i seksjonsleiar sitt fråvær
- kan verte pålagd å fungere som primærkontakt i periodar der ein ikkje har anna personale til å fylle rolla
- arbeid med elektronisk arbeidsplanverktøy, ajourhald og medverke i turnusarbeidet
- ansvar for å utarbeide og evaluere vedtak etter kapittel 9 i Helse - og omsorgstenestelova, saman med leiar og primærkontakter
- legemiddelhandtering
- bistand til daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- målretta miljøterapautisk arbeid
- journalføring
Kvalifikasjonar
- autorisert vernepleiar eller sjukepleiar, andre søkarar med helse- og sosialfagleg bakgrunn kan bli vurdert
- relevant erfaring innan liknande arbeid
- kunnskap og erfaring i sakshandsaming
- har kunnskap om ulike IKT verktøy og velferdsteknologi, og kan bruke dette som arbeidsverktøy, t.d Gerica og Visma Flyt Ressursstyring.
- kjennskap og erfaring til Helse og omsorgstenestelova kapittel 9
- førarkort klasse B
Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og relasjonseigenskapar, og evne til å skape entusiasme og motivere kollegaer
- vere med å skape mål og visjonar for tenesta
- vere fleksibel og arbeide strukturert og målretta
- gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- ha evne til å vere inkluderande, handlekraftig, påliteleg, ta initiativ og ha gjennomføringsevne
- må kunne handtere og stå i komplekse utfordringar innan eit breitt og krevjande ansvarsområde
- sette pris på å arbeide med, og i lag med mennesker
Vi tilbyr
- utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
- deltaking i bu og habilitering si faggruppe, saman med andre fagkoordinatorar og leiing
- fagleg godt miljø med yrkesgruppe som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog og fagarbeidar
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hildegunn Svastuen, Seksjonsleiar, +47 90684321Arbeidsstad
Kvithaugsmyra 46092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5046587693
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 03.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Hildegunn Svastuen
Seksjonsleiar
+47 90684321
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9b167a33-6ccf-4595-9146-5d3245932747
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
32eeaff3392b448cb5c5cff034adde1c
Lignende annonser
Vernepleier/miljøterapeut
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Kultur og oppvekst
Sted
Fosnavåg
Arbeidsgiver
Tenestekoordinering, Herøy kommune, Helse og meistring
Sted
Fosnavåg
Ferievikarar innan pleie og omsorg
Arbeidsgiver
Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga
Sted
Fosnavåg