1-årig vikariat som sosionom ved LAR Fana og Ytrebygda
Rus- og avhengigheitsklinikken/ LAR Fana/Ytrebygda, Helse Bergen HF
Apeltunvegen 2, 5222 Nesttun
Om jobben
- Stillingstittel
- 1-årig vikariat som Sosionom
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i morgen
LAR er organisert i 6 geografiske seksjoner. Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete.
Vi har ledig 100% vikariat for sosionom ved LAR Fana og Ytrebygda. Vikariatet er ledig frå snarast og til 28.02.2027.
Arbeidsoppgåver
- Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar
- Poliklinisk oppfølging
- Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk
- Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling
- Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar
- Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialt arbeid
- Erfaring frå arbeid innan rusbehandling eller psykisk helsevern, samt kommunale sosiale tenester eller andre kommunale behandlingstiltak for rusmiddelavhengige
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon
- Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar
Vi tilbyr
- LAR er eit fagområde i stor utvikling. Vi kan difor love ein utfordrande og arbeidskrevjande kvardag i eit godt arbeidsmiljø
- I LAR - poliklinikkane blir det lagt stor vekt på utvikling av medarbeidarars faglege kompetanse og evne til samhandling
- Ein arbeider i team og vil få regelmessig rettleiing og undervising
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Per Gunnar Lunde Oseng, Seksjonsleiar, 48354966Arbeidsstad
Apeltunvegen 25222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5092000268
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Per Gunnar Lunde Oseng
Seksjonsleiar
48354966
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9b06b36b-6df1-43a3-98a6-d6f55fe4e642
- Sist endret
6. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad983d54381740cd993d0f96190030e6