Personleg assistent
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Personleg assistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga
Me har ledig 100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent til ei ung kvinne med behov for assistanse i kvardagen frå snarast
Det er til saman sju personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med mor.
I arbeidet som personleg assistent kan du gjere livet lettare for nokon med ulike utfordringar. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.
Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljøtenesta vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.
Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til avdelinga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.
Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester.
Arbeidstidsordninga er tilpassa pendlarar, så me oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje er busett i Aurland.
Arbeid og ansvarsområde
Tenestemottakar er ei glad og positiv jente på 21 år. Ho har ei utviklingshemming og sit i rullestol. Ho deltek på vaksenopplæring, og treng hjelp til ulike gjeremål på skulen og i heimen. Jenta treng også assistanse på reiser og i ferien. Ho er glad i musikk, dans, teater, kino, konsertar, og likar å vere sosial. Det er nært samarbeid med brukar og pårørande. Du vil få opplæring i nødvendige prosedyrar og bruk av diverse hjelpemiddel. Dette i tillegg til anna innføring og rettleiing undervegs. Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.
Ho treng også hjelp til:
- transport til ulike aktivitetar med meir
- praktiske og daglege gjeremål
- personleg stell og hygiene
- måltid
- bruk, reingjering og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
- fylgje til lege og sjukehus
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- løn etter etter tariff
- minimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
BPA-ordninga har ein attraktiv turnus med døgnvakter som vist nedanfor:
- 3 døgn med jobb
- 14 dagar med fri
- 4 døgn med jobb
- 7 døgn med fri i løpet av fire veker
- arbeid kvar 4. helg
- døgnvakt med passiv tid / kviletid, og avlønning 1: 3
Treng du barnehageplass, er frist for å søke plass for komande barnehageår 15.03.25.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- erfaring frå arbeid i helse og omsorg, men god opplæring blir gitt om du ikkje har det
- fagbrev helsearbeidarfaget er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing
- du vil få tett oppfylgjing, samt god opplæring og rettleiing
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane:
- imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
- trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig
- omsorgsfull, fleksibel, løysningsorientert
Vi ser etter deg som ynskjer å gjere ein skilnad, og har eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er 1830 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted