Hopp til innhold

Grafisk dyktig prosjektleiar med samfunnsblikk og digital skaparglede -- finst du?

Arbeidsgiver

Mogleg AS

Sted

Tinggt.3, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Grafisk dyktig prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Vi i Mogleg leitar etter ein ny kollega i 100 % stilling i Stryn.

Dette er ei rolle for deg som likar å få ting til å skje.

Som både kan jobbe med grafisk uttrykk -- og sørge for at prosjekt faktisk kjem i mål.

Hos oss vil du få:

-- Leie prosjekt frå idé til leveranse
-- Jobbe med grafisk design, digital kommunikasjon og merkevare
-- Bidra i strategiarbeid for bedrifter i regionen
-- Arrangere møteplassar og event
-- Vere sparringspartnar gjennom næringshageprogrammet (Innovasjon Norge) og førstelinjetenesta for Stryn kommune

Kontoret vårt ligg midt i Stryn sentrum (med solid 90-talsestetikk og traktekaffi).

Vi har korte beslutningsvegar og eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet.

Heimekontor av og til? Klart det.
Men vi trur framleis dei beste idéane oppstår rundt same bord.

Bur du ikkje i Stryn? Då må du truleg flytte hit. Vi meiner det er verdt det.

Kjenner du at dette traff?

Då er det berre å hive seg rundt og sende ein søknad til jenny@mogleg.no innan 15. april.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Om bedriften

Vi er ein optimistisk gjeng som likar å gjere det mogleg. Som eit lite og engasjert team driv vi vi med alt frå utviklingsprosjekt og arrangement til merkevarebygging, digital marknadsføring og strategisk rådgjeving. Vi hjelper bedrifter å finne retning og skape resultat som faktisk betyr noko.

Vi legg vekt på ekte engasjement, samarbeid og at arbeidet vi gjer skal ha faktisk effekt for lokalsamfunnet og næringslivet rundt oss.

Kom gjerne innom og hels på oss.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9aef7a8e-baf6-47e6-8e66-c87bf920f88a

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

453732583

Lignende annonser