Ferievikar, aktivitør vaksenopplæringa
Bremanger kommune Oppvekst
Granden, 6723 Svelgen
Om jobben
Oppstart
5. august 2019
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Org.nr.:959 318 166 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig ferievikarstilling som aktivitør ved vaksenopplæringa på Rise i Svelgen i peroiden 05.08.2019 til 16.08.2019.
Stillinga er på 37,5 timar i veka og utgjer 100% stilling. Det vert satt av 45 minutt kvar dag til planlegging av aktivitetar på skulen.
Elevane har oppmøte frå klokka 09.00 - 15.45, måndag til fredag.
Vi søkjer etter deg som har fagbrev som aktivitør, men andre med erfaring eller interesse for å planlegge og gjennomføre aktivitetar kan søkje.
Elevane har nettkurs i norsk som dei arbeider med. Ein del av aktivitetane du gjennomfører kan vere å arbeide med dette. Det vil bli gitt opplæring, slik at du kan rettleiie elevane.
Eksempel på andre aktivitetar kan vere spel, turar, film, ulike handverksaktivitetar og dagleg vask av skulen.
Du vil ha ansvar for at rammene for aktivitetane er på plass.
- ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
- kunne arbeide sjølvstendig (planlegge, leie og gjennomføre aktivitetar)
- ha interesse for å jobbe med framandspråklege, frå ulike land.
Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.
Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gunn Heidi Hansen, Mobil 45871384
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.
Oppvekstsektoren i Bremanger har seks oppvekstsenter med barnehagar og skular under same tak og med felles leiing. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år.
Samla sett oppnår vi gode faglege resultat og vi har høg trivsel hos elevar og lærarar. Vi har mange dyktige lærarar med høg kompetanse og vilje til utvikling.
Vi treng no fleire med på laget for å utvikle oppvekstsektoren i Bremanger vidare. Dei som vert tilsette må vere villige til å jobbe etter dei systema og verdiane som ligg til grunn i oppvekstsektoren generelt og på kvart oppvekstsenter spesielt.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
369224
- Hentet fra
stepstone
- Referanse
vac2312863dep137955_Bremanger kommune Oppvekst_stepstone