Gruppeleiar VA-prosess, plan og LARK i Seljord
Sweco Norge
Vekanvegen 10, 3840 Seljord
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 20. august
Vi er stolte av at spisskompetansen som vi har i Sweco aldri har vore meir
etterspurt enn no. Sweco er i sterk vekst og ikkje minst er våre fagmiljø i rivande
utvikling. No søkjer vi ein leiar som ivrar etter å gjere ein forskjell i arbeidet med
å finne berekraftige og framtidsretta løysingar for både offentlege og private
byggeprosjekt.
I over 100 år har Sweco spelt ei sentral rolle i å fornye og modernisere
samfunnsutviklinga gjennom banebrytande ingeniørarbeid, og som gruppeleiar
vil du bli ein premissgivar for å bygge framtidas samfunn i Vestfold og
Telemark. Gruppa du kjem til å leie og utvikle består i dag av fagsterke
spesialistar med vekstambisjonar og grøne vyar for framtida. Saman med eit
fleirfagleg rådgjevingsmiljø løyser gruppa utfordringar innan arealplanlegging,
landskapsarkitektur, ulike former for konsekvensutgreiingar, samt prosjektering
og drift av vass- og avløpsanlegg. Gruppa jobbar i alle fasar av prosjekta for
både private og offentlege kundar. Med deg i spissen ligg forholda til rette for å
posisjonere oss som regionens mest etterspurde rådgivarar innan fagfeltet.
Som gruppeleiar gir vi deg rom til å dyrke ideane dine og setje prosjekta dine ut
i live, både i form av fagleg utvikling og marknadsarbeid – vi elskar nemleg
leiarar som tar initiativ og viser ansvar. Som person er du ein trygg og samlande
leiar som er oppteken av å få til ting saman med andre. Du må framstå som
trygg, støttande og oppmuntrande, også når det går trått. For å lykkast i stillinga
bør du vere nysgjerrig på å identifisere og utnytte kommersielle moglegheiter.
Ein av dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å sikre interessante og lønsame
oppdrag til gruppa.
Vi lovar deg ein spanande meny av arbeidsoppgåver:
- Bidra til å gjennomføre målsettingar i eit triveleg og trygt arbeidsmiljø, vere
«limet» i gruppa og syte for høg arbeidsglede/trivsel på jobb. - Ha overordna ansvar for oppfølging av gruppas leveransar og interne
økonomi. - Jobbe systematisk for å motivere og leggje til rette for utvikling av fagtunge
medarbeidarar. - Jobbe aktivt mot marknaden for å etablere kontaktar og skaffe fleire kundar.
- Skape lønsam vekst både gjennom tilsettingar og auka oppdragsmengde.
Vi tenkjer at du har følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning.
- 5 års erfaring frå relevant bransje, fortrinnsvis også praktisk leiarerfaring.
- Prosjektleiarerfaring.
- Kan vise til målbare resultat frå tidlegare arbeidsgivarar.
- Eit breitt kontaktfelt i bransjen og erfaring med å gjere deg synleg i relevante
fora.
På våre kontor i Vestfold og Telemark garanterer vi deg eit engasjerande og
utviklande arbeidsmiljø. Vi har eit aktivt og levande bedriftsidrettslag, eit
humorlag som arrangerer utflukter og sosiale tilstellingar på tvers av
organisasjonen, og ikkje minst eit fagmiljø i verdsklasse. Vidare tilbyr vi konkurransedyktige vilkår, svært gode forsikringsordningar, solid pensjonssparing og ei sikker og påliteleg stilling i ei av Europas leiande
ingeniørverksemder.
Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande prat om stillinga kan du kontakte
avdelingsleiar Magnhild Ek Brynilsen på tlf. 47313130.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9ace7401-6e9b-4061-bffb-c937799bdfb3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2b2b32842bbf46d9b18e1e9aff6d2881