Hopp til innhold

Bli vår nye servicemedarbeider - Frydenbø Bil Ørsta

Arbeidsgiver

Frydenbø Bil ASV AS

Sted

6153 Ørsta

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Frydenbø Bil Ørsta søkjer ein servicemedarbeidar som brenn for kundeservice og likar å arbeide sjølvstendig og målretta. Vi ser etter deg som har interesse for bil og som ønskjer å vere ein nøkkelperson i vårt serviceteam.

Som fullskala Volkswagen-forhandlar og autorisert verkstad for Audi og Škoda, arbeider vi med produkt i verdsklasse -- men sjølv dei beste bilane treng regelmessig service og vedlikehald.

Vi tilbyr moderne og romslege lokale med topp utstyr og gode fasilitetar, eit framtidsretta arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling. Du vil få grundig opplæring i alle arbeidsoppgåver som høyrer stillinga til.

Arbeidsoppgåver
  • Sal av verkstadtenester og delar -- via telefon, nett og i butikk

  • Bidra i lagerstyring og logistikk

  • Medverke til planlegging og fordeling av arbeid til servicemekanikarane

  • Profesjonell og tillitsvekkande kundebehandling

  • Kundeoppfølging, inkludert bruk av CRM-system

  • Rapportering og fakturering

Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Strukturert, engasjert og sjølvstendig

  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

  • Trivst når det skjer mykje og kan handtere fleire oppgåver samstundes

  • Sterkt kundefokus og interesse for gode kundeopplevingar

  • God bilkunnskap

  • Serviceinnstilt og omgjengeleg

  • God digital kompetanse

  • Fleksibel, arbeidsvillig og med gode haldningar

Vi tilbyr
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Ein arbeidsplass som verdset innovasjon og kvalitet

  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring

  • Støtte til trening

  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet

  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurset og Mallorca

Velkommen til Frydenbø Bil og Ørsta

I Frydenbø Bil Ørsta får du ikkje berre ein solid arbeidsplass, men òg høve til å vere del av eit område kjent for variert natur, gode friluftsmoglegheiter og eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn. Ørsta byr på trygge omgjevnader og gode tilbod for både familiar og enkeltpersonar -- og legg til rette for ein balansert kvardag med høg livskvalitet.

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Jan Brautaset på telefon 90 67 48 95 -- jan.brautaset@moller.no.

Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Frydenbø består av to konsern med felles eiere, Frydenbø® Group og Frydenbø International. Frydenbø® Group består av virksomhetsområder; Bil, Eiendom, Maritim Industri og NXT. Frydenbø International består av Frydenbø Marine og Frydenbø GmbH.

Samlet sysselsetter Frydenbø-gruppen ca. 1000 ansatte og omsatte i 2024 for NOK 5 mrd. Frydenbø har sitt hovedkontor på Damsgård i Bergen. Frydenbøs kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse".

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og forhandler av Volvo, Polestar, Zeekr, Audi, Skoda og Volkswagen. Konsernet hadde en omsetning på 4,23 milliarder kroner i 2024, med 9 090 solgte biler og 423 ansatte.

I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge & Co, og i 2023 overtok vi Møller Bil Ålesund og Molde. I dag har vi bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9aa3a583-2370-435b-af25-b92ce7e2f53e

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

437123849

Lignende annonser

Laster lignende annonser