Strategisk materiellansvarleg
Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Strategisk materiellansvarlig
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Om stillinga
Vil du jobbe som materiellansvarleg i ein kompleks og og spennande verksemd med eit meningsfylt samfunnsoppdrag?
I Vest politidistrikt har vi ledig ei fast stilling som materiellansvarleg rådgjevar ( SKO1434) ved Seksjon for sikkerhet, eigedom, logistikk og materiell. For spesielt kvalifiserte søkjarar vil ein vurdere tilsetjing i stilling som seniorrådgjevar SKO 1364.
I denne rolla får du ei sentral funksjon i å utvikle og følgje opp materiellstrategien i politidistriktet. Du vil jobbe tett med både operative fagmiljø, køyretøyansvarleg og materialforvaltar for å sikre at vi har rett kapasitet, kvalitet og tilgjenge på materiellet i tråd med både operative behov, økonomiske rammer og gjeldande regelverk.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å løfte blikket frå dagleg drift til heilskapleg utvikling. Du ser samanhengar, planlegg for framtidige behov og bidreg til at avgjerder om materiell og utstyr støttar politidistriktets operative evne i takt med den tryggleikspolitiske situasjonen.
Seksjon for sikkerhet, eigedom, logistikk og materiell (SELM) er eit tverrfagleg team med sju dedikerte medarbeidarar som saman ivaretek både strategiske og operative oppgåver innanfor desse fagområda. Den strategiske materiellansvarlege blir ein nøkkelperson i dette arbeidet og skal bidra til heilskapleg planlegging og utvikling på tvers av seksjonen sine ansvarsområde.
SELM er ein del av Stab for verksemdsstyring. Stab for verksemdsstyring bistår politimeisteren med gjennomføringa av sentrale verksemdsstyringsprosessar i politidistriktet, og følgjer opp at driftseiningane utfører oppgåvene sine i samsvar med gitte føringar, i tråd med gjeldande lov og regelverk.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Du trivst i eit miljø der både strategisk forståing og heilskapsblikk er nødvendig for å lukkast. Du evnar å sjå samanhengar, identifisere framtidige behov og omsetje innsikt til gode og berekraftige løysingar for politiet si materiellforvaltning. Du er analytisk, strukturert og trygg i vurderingane dine, samstundes som du har gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg med ulike fagmiljø. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår. I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk oppfølging av materiell i Vest politidistrikt for å sikre at politiet er best mogleg rusta til å løyse sitt samfunnsoppdrag
- Bidra til samordning mellom ulike fagområde som våpen, køyretøy og teknisk operativt utstyr
- Sikre rett nivå, kvalitet og tilgjenge på materiell gjennom fagleg oppfølging og god planlegging
- Sørgje for standardiserte, einskaplege løysingar som ivaretek politiet sine operative behov innanfor gjeldande rammer
- Ha ei sentral rolle i det strategiske arbeidet med både kortsiktige og langsiktige utskiftings- og investeringsplanar
- Vere kontaktperson mot Politiets fellestenester (PFT) innanfor materiellområdet
- Følgje opp prioriterte anskaffingar som PFT gjennomfører, og fungere som fagleg bindeledd mellom distriktet og PFT
- Bidra til tett samhandling og erfaringsutveksling internt i politidistriktet
- Ansvar for å koordinere og leie politidistriktet sitt materiellutval
- Delta i nasjonalt nettverk på fagområdet
- Inneha rolla som P4 i politimeisteren sin operative stab
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes økonomi-, logistikk- eller ingeniørfag
- For stilling som seniorrådgjevar er det krav om relevant mastergrad eller tilsvarande og minimum 5 års arbeidserfaring innan relevant fagfelt
- Erfaring med strategisk arbeid innan forvaltning av materiell og kan vise til dokumenterte resultat
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode IKT-ferdigheiter
- Førarkort klasse B
- Kunne tryggleiksklarerast for nivå HEMMELEG
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må, innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskeleg med:
- God kjennskap til anskaffingsområdet og tilhøyrande regelverk
- Erfaring innanfor fagområdet frå justis-/forsvarssektoren eller tilsvarande
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Samarbeider godt med andre, på tvers av fagområde
- Evnar å løfte blikket frå detaljane og sjå samanhengar
- Tek initiativ og tenkjer heilskapleg
- Arbeider analytisk og strukturert
- Trivst med å utvikle og forbetre system
- Jobbar godt sjølvstendig
- Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Er påliteleg og lojal
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du velger oss
Stillinga blir løna som rådgjevar (stillingskode SKO1434) frå 720 000,- brutto pr. år / seniorrådgjevar (SKO1364) frå 820 000,- brutto pr. år . Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her.
Gode arbeidsvilkår (sommar- og vintertid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida o.l.)
Mangfold i politiet
Dersom du har funksjonsnedsettelse, innvandrerbakgrunn eller hull i CV-en, er det anledning for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillingen, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det innebærer at minst én søker fra hver av disse gruppene blir innkalt til intervju.
Les mer om positiv særbehandling når man søker jobb i staten her.
Opplysningene du gir, brukes til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a8bfabe-20a5-4f23-973a-b0d4bab7e887
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272077
Lignende annonser
Vikariat som driftseiningsleiar FP
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politibetjent med funksjon som etterforsker ved Seksjon for vold og seksuelle overtredelser
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Spesialetterforsker økonomisk kriminalitet
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen