Kirketjener
Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)
Guddalsvegen 1140, 6966 Guddal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kirketjener
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 4. september
Kyrkjetenar til Guddal kyrkje i Fjaler sokn.
I kyrkja er det gudsteneste ca ein sundag i månaden, normalt sett tre gravferder og ein eller to vigslar.
Kyrkja ligg fint til på ei lita høgde på Engja i Guddal. Det er ei langkyrkje av tre og alderen er å rekne frå 1870. Dette trass i at delar av kyrkja er mykje eldre. Dette er den tredje kyrkja som vi kjenner til på denne staden - garden Engja. I 1870 føregjekk det det ei så stor ombygging av Guddal kyrkje at ho framsto som ny. Då var gamlekyrkja skøytt på i lengda og påbygd i høgda, og kyrkja fekk ny kledning. Under denne påbygginga vart dei rosemåla tømmerveggane så skadd at kyrkja også måtte få ny panel innvendig. Til 100-års jubileet i 1970 vart den ytterlegare oppussa innvendig og fekk nye benkar, nytt golv og nytt panel, og det var også då kyrkja fekk elektrisk oppvarming, men elektrisk lys vart installert i 1955 då elektrisiteten kom til Guddal.
Arbeidsoppgåver
- Klargjere til gudsteneste/seremoni, mellom anna henge opp salmenummer, setje fram nattverdsutstyr og ta imot kyrkjelyden.
- Ringe med klokka, manuell ringing.
- Reingjere etter aktivitet.
Kvalifikasjonar
- Personen må ha evne til å lære og beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Elles er det ingen spesielle kvalifikasjonar til stillinga.
Personlige egenskaper
- Lærevillig
- Engasjert
- Strukturert
- Ryddig
Me tilbyr
Kontaktinformasjon
Kristin Kalstad, Kyrkjeverje, 91715126Hildegunn Helleset, Kyrkjesekretær, 40509452
Arbeidssted
Guddalsvegen 11406966 Fjaler
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)Referansenr.: 5005950773
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hildegunn Helleset
Kyrkjesekretær
40509452
Kristin Kalstad
Kyrkjeverje
91715126
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a80578d-cf7c-4e15-bbd8-9791647f72c8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6317370836b64813a526eeb9a9a74913