Kommunalsjef helse, omsorg og NAV
Årdal kommune Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. januar
Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil være med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?
Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia helse- og omsorgssektoren.
Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar. Årdal kommune har sett i gang prosjekt med å samlokalisere omsorgstenester i felles omsorgssenter og den nye kommunalsjefen vil vere ein viktig deltakar i dette arbeidet.
Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
AnsvarsområdeHelse- og omsorgstenesta er fordelt på 4 tenesteområder; Bu og miljøtenesta, Pleie og omsorg, helse og NAV kommunal.
Tre av tenesteområda har eigen tenesteleiar som under seg har avdelingsleiarar knytt til dei ulike einingane.
Det er i tillegg etablert eit tildelingskontor som skal sikre heilskapleg og godt koordinerte tenester, samt likebehandling for like behov.
Det er i underkant av 280 tilsette i heile området, fordelt på 220 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på i overkant av kr 250 mill.
Årdal kommune er under omstilling. Den som blir tilsett skal følge opp og gjennomføre politiske vedtak innafor vedtekne rammer, herunder arbeid med utvikling av ressurseffektive tenester.
KvalifikasjonskravMe ynskjer ein kommunalsjef med høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning.
Du bør ha erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt og ha leiarerfaring med resultatansvar.
Søkjarar med erfaring fra å leie utviklings- og omstillingsprosessar vil bli føretrekt.
Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.
Personlege eigenskaparArbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla.
Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert og målretta, er god på relasjonsbygging, har evne til å skape tillit
og eit godt omdømme både innad og utad.
For å lukkast i rolla er det viktig av du er utviklings- og løysingsorientert i di tilnærming til andre og har ei tydeleg åtferd.
God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.
Løn og tilsetjingsvilkårLøn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Tiltredning etter nærare avtale.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2819484
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3444803_226795_nn