Me søkjer ein dyktig og engasjert bilmekanikar / fagteknikar med lidenskap for bil og teknologi.
Toyota Norheimsund
Steinsdalsvegen 140, 5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bilmekanikar/Fagteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Gjennom kontinuerleg forbetring og respekt for menneske ynsker me at våre kundar skal vere Noregs mest fornøgde bileigarar. Hjå oss vil du bli ein del av eit dyktig team på over 10 tilsette. Til stillinga søkjer me deg som veit kor avgjerande kvalitet og god service er, og som har evner til å ivareta nye og eksisterande kunder gjennom heile kundereisa.
Du er interessert i og har vilje til å utvikla deg i faget. Det er fordel med fagbrev, men ikkje eit krav. Relevant praksis kan oppvega for fagutdanning.
ArbeidsoppgåverOm bedriften
Toyota Norheimsund (T.N.) blei etablert i 1994, og har gjennom 30 år utvikla seg til ein komplett bilforhandlar, med bilverkstad, sal av nye og brukte bilar, samt bilutleige. T.N. er marknadsleiar på sal av nye bilar i Kvam. Me har eit moderne verkstadanlegg med bl.a rep. av personbilar inntil 7.5t, understellsbehandling, eige klargjeringsverkstad, i tillegg til dekkhotell. Me er merkeverkstad for Toyota, men reparerer alle bilmerker, både fossil og elbilar. Me er derfor eit frittståande Mekonomen-verkstad i tillegg. Omsetnad 2024 var på kr 64 mill. Toyota Norheimsund, er ein av mange selskap av Jæger Automobil AS, som tilsaman har 7 ulike lokasjoner fordelt i heile Hordaland, T.N. er sertifiseret Miljøfyrtårn.
Jæger Automobil er eit selskap i Jægergruppen A.S. Jægergruppen er Vestlandets største bilforhandlar og fører merka Toyota, Lexus, BMW og Mini. Jæger Automobil er ein komplett leverandør av Toyota og Lexus. Selskapet har utsalsstader i Bergen, Sotra, Voss, Norheimsund, Lindås, Haugesund og Dimmelsvik. Jæger Automobil konsernet har totalt 250 tilsette og ei årleg omsetning på 1,7 milliard kroner. Me gler oss over svært høg kundetilfredsheit som har bidrege til den leiande marknadsposisjonen vår på Vestlandet. Kvalitet og kontinuerleg forbetring er grunnpilaren i Jægers og Toyotas filosofi. Derfor set me oss stadig høgare mål for at både kundar og medarbeidarar skal bli endå meir fornøgde. Toyota er ein av verdas største og mest respekterte bilprodusent og er leiande på miljøteknologi og forsking.
Sektor
Privat