Hopp til innhold

Heimetenestene

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Heimetenestene

Sted

Brugata 6, 6390 Vestnes

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. februar

Heimetenestene har ledig 100 % stilling for sjukepleiar frå snarast.  Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg. Det kan evt. bli mulighet for langvakter og arbeid kvar 4.helg.

Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiingsansvar
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Heimetenestene som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 500 000,-

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
 
Referanser
Oppgi referanser.
 
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 
 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Sylte

Einingsleiar

91387062

elisabeth.sylte@vestnes.kommune.no

Om bedriften

Heimetenestene ligg i Helsehuset Stella Maris i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Eininga består av heimesjukepleie, heimehjelp og dagsenter. Tenestene har brei tverrfagleg kompetanse. Personale i heimetenestene er ein arbeidsvillig gjeng med dyktige fagpersonar som har som mål å gi tenester med god kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9a5bee58-1f02-4f93-9eb9-82092fb7b78f

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3593567_191805_nn

Lignende annonser

Sjukepleiar 100% vikariat i turnus med langvakter

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Heimetenestene

Sted

Vestnes

Sjukepleiar 60% fast stilling

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Heimetenestene

Sted

Vestnes