Pedagogisk rådgjevar
Sogndal kommune Oppvekst
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. september
Her får du høve til å kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og vakre omgjevnadar, med fjord, fjell og natur rett utanfor kontordøra. Kommunen er stor nok til mangfald og utvikling, men liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Om lag 1300 tilsette jobbar kontinuerleg med å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til det beste for innbyggjarane våre.
Om stillinga
Som rådgjevar blir du ein del av oppvekstteamet i kommunen, og får jobbe tett på både skuleleiarar og kollegaer i organisasjonen og regionen. Du får høve til å påverke retning og utvikling, samstundes som du bidreg til gode og trygge læringsmiljø for elevar i heile Sogndalsskulen.
Dine oppgåver
Rettleiing og sakshandsaming etter opplæringslova med forskrifter
Utviklingsarbeid knytt til inkludering, fagleg kvalitet og kompetanse for framtida
System- og kvalitetsarbeid i oppvekst og skule
Bidra til utvikling av gode strukturar for samarbeid og læring
Følgje opp prioriteringar i Sogndalsskulen og tverrfagleg samhandling
Relevant høgare pedagogisk utdanning
God kjennskap til opplæringslova
Erfaring frå skuleverket og pedagogisk utviklingsarbeid
Evne til å sjå heilskap og er utviklingsorientert
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og initiativrik. Du må trivast både med å jobbe sjølvstendig og i team, vere strukturert og analytisk, og ha gode formidlingsevner skriftleg og munnleg. Det vil bli lagt stor vekt på søkaren sine personlege eigenskapar.
Me tilbyr
Ein meiningsfull jobb der du kan vere med og setje retning for framtidas skule
Eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling i ein kommune som legg vekt på læring og fellesskap
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a431e76-4c5c-48b8-b7d5-dacf323683d9
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3537459_189801_nn