Rettleiarar - vikariat
Nav Bergen sentrum, ungdomsavdelingane
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rettleiar
Oppstart
2. juni 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. mai
Ønsker du å bidra til at personar med sjukdom og nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Har du tru på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønsker du å bidra til eit viktig samfunnsområde? Då er dette ein jobb for deg.
Vi har no ledig 5 vikariat ved ungdomsavdelingene på Nav Bergen sentrum. Nav Bergen sentrum er regionkontor i Nav region Bergen og er bydelskontor for Bergenhus og Årstad bydel. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman 300 tilsette, 150 er statleg tilsette.
Vi ser etter deg som vil jobbe med oppfølgjing av unge brukarar. Kontoret har høge mål for kvalitet og resultat i oppfølgingsarbeidet og arbeider etter prinsippa om kontinuerlig forbetring for å gje våre brukaraar moglegheiter.
Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
Arbeidsoppgåver
Som rettleiar vil du:
- kartlegge og motivere for arbeid og aktivitet
- følge opp og rettleie gjennom samtaler og samarbeidsmøte
- ha digital kommunikasjon med brukar
- sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltningsloven
- sjå brukar sin kompetanse og korleis brukar kan kome raskt i jobb
- ha tett dialog med arbeidsgivarar, helsepersonell, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Du må ha:
Rettleiingskompetanse og/eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar vil være ein fordel.
Personlege egenskapar:
Vi ser etter deg som er ein lagspelar, med heilskapsperspektiv og som:
- er god til å bygge relasjonar, motivere og inspirere
- har analytiske evner, er sjølvstendig og som arbeider systematisk
- kan handtere uvisse i eit dynamisk miljø
Vi tilbyr:
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 580 000,- til kr. 630 000,- per år. For særlig godt kvalifiserte søkere kan vi vurdere høgare løn.
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2 %)
Kontaktinformasjon
Idun Høydalsvik, Avdelingsleder, 920 90 251Marius Hilton, Avdelingsleder, 458 37 024
Arbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4951812107
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 13.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Marius Hilton
Avdelingsleder
458 37 024
Idun Høydalsvik
Avdelingsleder
920 90 251
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2927964
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d3fff3c9c2694682879b418b8028c9e3