Hopp til innhold

Driftsleiar trafikk - operativt ansvar for 70 tilsette i Bergensområdet

Arbeidsgiver

Safe24 Da

Sted

Bergen

Om jobben

Vil du leie eit team som sørgjer for trygg og effektiv trafikkavvikling? Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert driftsleiar for trafikkavdelinga vår i Bergen.

Oppstart
Etter avtale
Stillingstittel
Driftsleder bygg og anlegg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. juli

Send søknad til

andre@safe24.no

Hva vi ser etter

For å lukkast i rolla trur vi at du:

  • Har erfaring frå personalleiing og drift

  • Er strukturert og flink til å planleggje

  • Har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

  • Er løysingsorientert og trivst med høgt tempo

  • Er trygg i leiarrolla og god til å motivere andre

  • Har erfaring frå bemanning, logistikk, transport, anlegg eller liknande bransjar

Erfaring frå vegarbeid, arbeidsvarsling og trafikkdirigering, eller utdanning innan administrasjon, logistikk eller leiing er ein fordel, men ikkje eit krav for den rette kandidaten!

Klar for neste steg?

Dersom du ønskjer ei leiarrolle der du kan skape struktur, utvikle menneske og bidra til trygg trafikkavvikling i regionen, vil vi gjerne høyre frå deg.

Send søknad og CV innan søknadsfristen.

Arbeidsoppgaver

Kvar dag er trafikkdirigentar ute på vegane og bidreg til at store og små prosjekt kan gjennomførast trygt. Utan god planlegging, koordinering og leiing stoppar arbeidet opp, risikoen for både trafikken, entreprenørane og dirigentane aukar, og kundane får ikkje den kvaliteten dei treng og forventar.

Ei viktig rolle med stort ansvar

Som driftsleiar får du ansvaret for om lag 70 tilsette. Du blir ein sentral del av den vidare utviklinga av avdelinga og får ansvar for å sikre at både medarbeidarar, kundar og prosjekt blir følgde opp på ein profesjonell måte.

Du vil arbeide tett saman med både kundar, prosjektleiarar og operativt personell for å sikre god drift og høg kvalitet i tenestene våre.

Dine viktigaste arbeidsoppgåver
  • Personalansvar for om lag 70 medarbeidarar

  • Organisering og dagleg drift av trafikkavdelinga

  • Turnus- og ressursplanlegging

  • Kundeoppfølging og koordinering av oppdrag

  • Sikre etterleving av gjeldande lover, forskrifter og HMS-krav

  • Bidra til vidare utvikling og effektivisering av avdelinga

  • Bistå i arbeidet med rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar

  • Produksjon av arbeidsvarslingsplanar 1

Vi tilbyr

Hos SAFE24 får du moglegheita til å påverke, utvikle og leie ein viktig del av verksemda vår. Du blir del av eit fagmiljø med mange tilsette, korte beslutningsvegar og eit sterkt fokus på kvalitet og tryggleik.

Vi tilbyr:
  • Ei sentral leiarstilling med påverknadskraft

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø

  • Varierte og utfordrande arbeidsdagar

Kontaktperson for stillingen

André Følsvik

Dagleg leiar

andre@safe24.no

Om bedriften

SAFE24 er eit sikkerheitsselskap som arbeider med trafikkdirigering, vegdrift og vakttjenester i Møre og Romsdal og på Vestlandet. Selskapet har om lag 180 tilsette og er for tida i stor vekst. Vi søkjer difor alltid etter motiverte medarbeidarar som ønskjer å kome inn i eit triveleg og engasjerande arbeidsmiljø.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9a21e0c4-c6f7-4382-9317-f68465318c1c

Sist endret

16. juni 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

9a21e0c4-c6f7-4382-9317-f68465318c1c

Lignende annonser

Laster lignende annonser