Pollhaugen butiltak
Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
23% fast helgestilling
Type ansettelse
Fast, deltid 23%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om avdelinga
Pollhaugen er eit bustadkompleks med 9 personar som bur i eigne bustader. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.
Pollhaugen ligg relativt sentralt i Straumeområdet, nær offentleg transport og kommunedelsenter. Vi har som mål å bidra til at den einskilde bebuaren har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett og meistring står sentralt. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev som helsefagarbeidar, men andre søkjarar vil også bli vurderte
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå brukargruppa
- Førarkort klasse B
- Evne til samarbeid, men også til å jobbe sjølvstendig
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta
- Engasjement for fagleg utvikling og interesse for brukargruppa
- Evne til å byggje relasjonar
Anna:
- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
- 12 helger per år med lange vakter, inntil 13,5 timar
Stillinga er ledig frå 13.09.25
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt
Fredrik Degerman, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948
Kristin Straume, Eningsleiar MMNF mobil 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99eda226-9fea-4037-9200-695337042787
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3521747_192845_nn